Kurs i tømmerhogst med motorsag i Målselv

Studentane på læringsarena Sør-Troms museum og Midt-Troms museum har hatt fleire kurs i tømmerhogst med øks og handsag. Dei er ikkje utlært innan dette området og har framleis behov for å øve seg i slikt arbeid også dei neste åra. Det er neppe så mange fleire enn våre studentar som arbeider med øks og handsag for å ta ut tømmer til byggjeprosjekt. Slike arbeidsmåtar har gått ut av vanleg bruk for 50-60 år sidan. I dagens skogbruk har det også vorte færre og færre tømmerhoggarar som hogger manuelt med motorsag. Hogstmaskiner har teke over mykje av arbeidet i skogen. Slike maskiner kan effektivt ta ut tømmer til å dekke behovet i treforedlingsindustrien. For oss som vil ha tømmer som er tilpassa våre spesielle behov for dimensjon og eigenskapar så er handsaminga tømmeret får, når det går gjennom hogstaggregata på slike maskiner, ikkje spesielt gunstig. Difor kan det vere nyttig for studentane å lære seg å hogge tømmer sjølv med motorsag. Det kan bli eit alternativ til å måtte kjøpe maskinhogd tømmer som ikkje held mål. På bakgrunn av dette gjennomfører vi denne veka eit kurs i hogst med motorsag. Kursleiar er Knut Johnsen som er erfaren tømmerhoggar og ein av dei faste instruktørane til Skogbrukets kursinstitutt.

Skogbruksinstruktør Knut Johnsen demonstrerer kvisteteknikk med motorsag. Foto: Siv Holmin
Skogbruksinstruktør Knut Johnsen demonstrerer kvisteteknikk med motorsag. Foto: Siv Holmin

Kurset gir ei innføring i sikker bruk og stell av motorsag. Deltakarane får også ei innføring i, og får øve seg på hogstteknikk. Det blir undervist i hogstplanlegging og økonomi i hogstopplegg. På kurset blir det undervist i krav til forskriftsmessig verneutstyr for å bruke motorsag på ein trygg måte.

Demonstrasjon av kvisting med motorsag. Foto: Siv Holmin
Demonstrasjon av kvisting med motorsag. Foto: Siv Holmin
Når skogen står tett er det lett for at treet ein skal felle blir hengande fast i ein nabotre. Foto: Siv Holmin
Når skogen står tett er det lett for at treet ein skal felle blir hengande fast i ein nabotre. Slikt kan vere risikabelt for ein tømmerhoggar. Foto: Siv Holmin
Instruktør Knut Johnsen demonstrerer ein av metodane for å trygt få ned eit tre som har gått fast i eit nabotre. Foto: Siv Holmin
Instruktør Knut Johnsen demonstrerer ein av metodane for å trygt få ned eit tre som har gått fast i eit nabotre. Foto: Siv Holmin

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

2 tankar på “Kurs i tømmerhogst med motorsag i Målselv”

    1. Dei vernebuksene eg har sett har berre sagvern og fungerer då berre med motorsag. Det er då nødvendig å arbeide sikkert med øks og passe på kor ein har føtene i høve til banen til øksa. Ivar Jørstad har prøvd noko verneutstyr som er brukt av politiet. Det ser ut til å fungere til slikt arbeid om ein må ha verneutstyr for å beskytte leggar og kne. Det skal vere mogleg å arbeide sikkert utan slikt verneutstyr, men det krev at ein er strukturert i arbeidet og let vere å ta unødige sjansar.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: