Løekonstruksjon som naust til «Dampen»

Utgangspunktet for bygginga av naustet til museumsbåten MS Suldal, på folkemunne kalla «dampen», var at Statnett skulle bruke den gamle slipptomta til massedeponi under bygginga av “Englandskabelen” (North Sea Link). Det vart bygd ny slipp med ringmur til overbygg. Overbygget, som skulle vera ein stålhall, vart finansiert med midlar frå kommunen og fylket. Denne bloggposten handlar om prosessen vidare.

RFF2015-181-038

Etter at planane kom på bordet til bygningsavdelinga i Ryfylkemuseet, kom der raskt eit ynskje om å bygge i tre. Og tankane svinga rundt dei mange løene i regionen i såkalla høghus-konstruksjon, som verka svært tenleg til formålet. Dette fordi det er fri takhøgd langs midten opp til mønet. Det vart søkt om endring av konstruksjonstype og materialbruk.

Skjermbilde 2017-08-08 12.57.43
Utsnitt frå boka “Landbruksbygninger” av A. Norheim

Det var frå starten av tenkt at dette kunne bli praksisprosjekt i backelor-studiet og framgangsmåten vart lagt opp deretter. Det vart gjennomført synfaringar på ståande bygg i nærområdet ilag med studentane (Kjell Gunnar Haraldseid og underteikna), Trond Oalann og eigarar, eksterne handverkarar og ein ingeniør som har erfaring frå slik konstruksjon. Det vart studert dimensjonering, detaljar i samanføyingane og variasjonar i konstruksjon.   

Ein kort presentasjon av nokre av løene me besøkte:

Løa på Olasmoen, Suldalsosen:

Fisketjønn - Olasmoen - Lars Fisketjøn er eigar001
Løa på Olasmoen med flagget i mønet. Eigar: Lars Fisketjøn
  • oppført i 1958-59
  • Breidda på løa er 9,8 m og cc reisa er 3m
  • Dimmensjonar på stav og stikksperr er 6×5 tomms og 6×7 tomms
  • Det er ikkje haneband (hanebanda på biletet har nok samanheng med reisinga)
IMG_7439
Løa på Olasmoen

Løa på Bøen, Lunde, Suldalsosen:

IMG_7455
Løa på Bøen, Lunde
  • oppført i 1974
  • breidda er 10m og cc mellom reisa er  3m og 3,7m
  • materialdimmensjon 6×5 tomms

Løa i Hoftun, Suldalsosen:

IMG_7449
Løa i Hoftun
  • oppført i 1959 -60
  • Breidde på heile 14,5 m cc mellom reisa er 3m
  • Dimmensjonar på stav og stikksperr er begge 6×7 tomms
  • Enkelt haneband

Til forskjell frå teikningane i boka til A. Norheim ser me av bileta over at tanga er montert horisontalt. Dette gjer at den høver godt til bæring av stubord og kassebord i utstikket. I tillegg er der ein detalj å merke seg: Plasseringa av boltane i indre enden av tanga er ikkje lik. Både på Olasmoen og i Hoftun er bolten plassert i stikksperra, mens på Bøen er den plassert i hengsperra.  Me valgte å ha ein bolt i kvar. Der er i tillegg nokre fleire delar på teikninga enn det me fant i løene.

Me fekk hjelp av eit arkitekt- og ingeniørfirma til tekniske styrkeberekningar og teikningar, med hovudvekt på vindavstiving og forankring. Dette fordi naustet vårt skulle stå på ei tomt som er utsatt for hard, rosete austavind. Naustet har ei grunnflate på 24,4m x 8,4m. Me la oss på materialdimmensjonar me fant i dei størst løene. Då gjekk me gjennom nålauga for moderne dimmensjonering. Ein kan merke seg at løa i Hoftun er omlag 6m breiare, har montert silotalje i mønet som dagleg er i bruk, fungerar godt etter 57 år. 

Det praktiske arbeidet vart utført med Trond Oalann som instruktør, og starta med å teikne opp eit reise i 1:1 på gulvet i laftehallen til museet, ein såkalla avbindingsplass (jf. «Husbygging», N. Peder Nilsen) Dette for å sikre at alle mål vart like og det var tenkt å nytte loddsnor til oppmerking (jf. «The Invisible Tools of a Timber Framer» av Ulrik Hjort Lassen). Dette var ein aktuell merketeknikk då me var avhengige av god avstand til gulvet då der skulle borast gjennom og monterast deler på undersida av reisverket. Me laga oss i tillegg nokre malbord slik at me også kunne produsera delar annan stad, når me var mange i sving.

RFF2015-181-107
Bruk av lodd som er gjennomsiktig gir god nøyaktighet.

Hola vart bora med alle delane monterte på med tvinger. Me nytta eit stativ til drillen som sikra lodrette hol. Horisontale hol vart bora på frihand med ein rettholdt å sikte etter.

Etter boring vart det montet bulldog mellom alle delane der det var boltar. Desse gjorde det litt trangt å få i boltane då det vert noko klaring mellom delane før klørne på bulldoggen vert pressa inn i veden. Viktig at vinkelen på tåa er slik at den vert trangare etterkvart som delane vert pressa saman.

Dei fleste boltane vart sett vinkelrett i forhold til den ein flata dei skulle gjennom. På den andre sida vart det hogge ut slik at stoppskiva ligg plant.  I samanføyinga mellom stav og stikksperr vart det lagt inn ein bit av metallband for å hindre at veden vert pressa saman under stor belastning.

Ein heiselåve må ha heis… Me har fått konstruert ein løpekatt som liknar den på biletet under. Den vert produsert nå i haust og skal vera montert og klar til restaureringa av Dampen.

RFF2016-012-009
Den originale Serigstad løpekatten i løa på Kvæstad, Suldal, er modell for vår løpekatt

Alle foto: Ryfylkemuseet

Forfattar: Sven Hoftun

Driftsleiar og snikkar hjå Ryfylkemuseet.

5 tankar på “Løekonstruksjon som naust til «Dampen»”

  1. Flott arbeid!, og veldig moro at dere har tatt opp igjen et tradisjonellt bæresystem, vi trenger litt motvekt til alle stål bygningene som kommer opp. Når dere har brukt loddesnor og «fransk lodd» til oppmerking på avbindingsplass, har dere noe informasjon om hvordan de gamle løene var merket opp?

    Likar

    1. Den informasjonen me har er at det vart laga til eit reise fyrst, med dette som utgangspunkt vart det laga malar og dei neste reisa vart lagt oppå det fyrste. Denne framgangsmåten opnar og for bruk av vater og loddsnor, utan at det er uttrykt spesielt av informantane våre.
      Vår bruk av loddsora har meir med at me ynskte å prøve det ut. Men erfaringane er at med rett material (les: ikkje vinn) er det nøyaktig nok med vinkel og vater.
      Denne typen løer vart sett opp etter teikning og eg tenkjer at det er grunnlaget dei nytta til å lage det fyrste reiset. Daniel Hoftun skal ha sagt i eit intervju på 90tallet at det å arbeide etter teikning var noko uvant i starten, men ein lærte seg til.

      Likt av 1 person

    2. Eg har munnleg frå tømrar Roald Haugli i Målselv at dei nytta loddsnor på denne måten når dei tømra sperrene på tilsvarande låvebygningar i Målselv kring 1950. Då var det snakk om å lage oppriss på avbindingsplass i vater og så bruke dei vanlege loddsnorene med spiss på loddet. Då sikta dei inn loddet frå sida etter planet for streken dei retta etter. Det fungerer også veldig bra når ein blir vant. Dei brukte passar til å overføre måla frå snora til stokken.

      Likt av 2 personar

  2. Er litt fascinert av denne typen husbygging og føler dette er noe som tangerer mellom stavkirkesperrebind og moderne takstolvarianter..
    Det var noe jeg lurte på i monteringsprosessen, det du kaller reis er det på en måte et par som danner vegg og takflate på begge sider av huset? og blir disse reisa montert sammen med hverandre i møne før dere satt de på plass. Og når og hvordan og hva er den saken som går langsetter bygningen helt oppe i møne? det er ikke den løpekatten går på for da ville den bare fungert i ett rom, eller? henger med på spørsmåla ? takker og bukker for svar ! 🙂

    Likar

    1. Hei Jostein.
      Takk for spørsmål.
      Eit reise består av to stavar, ei slinder (samhald) og kroband i ein tradisjonell stavkonstruksjon. Benevninga er på dei samansatte delane som ein monterer ilag mens det ligg på bakken, eller på løegulvet. Ved montering er det reise for reise som vert vippa opp og satt fast. Altså er det i høghuskonstruksjonen begge halvdelane med kvar sin stav, sperr, hengsperr og stikksperr som inngår i eit reise. Desse halvdelane er bolta saman i mønet og med eventuelt haneband. Me heiste reisa på plass med krane og då var det naudsynt med midlertidige «samhald» for å halde avstanden på stavane slik at me traff dei faststøypte boltane i ringmuren. Dette i tillegg til at stoppepunkta er godt nedpå sperrene for å få betre balanse og mindre trykk på samhaldet. Mønsåsen på bileta som du spør om er skøyta på kvart reise og vart montert etter kvart. Den er tredd inn i trekanten mellom sperrane og hanebandet og er skøyta med vanleg flat bladskøyt. På førehand borra me opp hull for kvar halvannan meter i denne og slapp nedi 70 cm lange boltar ovanfrå etter monteringa av reisa. Det er desse boltane som held rullebanen som løpekatten går på. Den vart heist opp og tredd på boltane før taket vart lagt. Der er vel om lag 15 cm klaring mellom rullebanen og underkant haneband.

      Sven

      Likar

Kommenter innlegget