Studiesamling -bygging av strykebenk

IMG_3397

Studentane ved Tradisjonelt Bygghandverk ved NTNU har denne veka si siste studiesamling i 2017. Samlinga er lagt til Vuku i Nord-Trøndelag, der me er samla på Auskin Kreative Senter. Senteret er godt ustyrt med både høvelbenkar, verktøy og høvande lokale.

Temaet for denne samlinga er strykebenkar / skottbenkar. Studentane har frå før levert ei dokumentasjonsoppgåve, der strykebenkar frå mange stader i landet vart fotograferte og målte opp, og no brukar kvar student dette materialet som utgangspunkt for å laga sin eigen strykebenk.

Det første me tek til med, er å retta emnene til strykebenkane, som i dei fleste tilfelle består av 2 sett bein (krykkjer, bukkar), og 2 langbord.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: