Bukkane nermar seg ferdige

IMG_3468

Dei ymse strykebenkane og høvelbenkane som er under arbeid, tek no form. Understella («bukk», «krykkje») på strykebenkane har ein liggjande tverr-oke eller såle som ligg mot golvet, og opp frå denne står det vanlegvis to bein. Samanføyinga mellom sålen og beina, har ei eller form for tapping tvers gjennom sålen, og som regel også kile frå undersida, opp i tappen. På denne måten vert samanføyinga svært stiv.

Me ser at ein del gamle understell på originalbenkane har sprukken såle. Med ein stor tapp, og lite ved att på sidene av sålen, vil det vera fare for langsgåande sprekker i sålen. Spesielt dersom kilane i eller rundt tappen er slegne i på langs av veden i sålen, og dermed vil sprengja på veden. Samstundes er det viktig å få laga understella heilt stive i denne retningen, sidan det er denne vegen bukken vert røynd når ein skal høvla i benken.

Andre vegen, på tvers av høvelretningen når ein brukar strykebenken, er også viktig å få stiv. Men noko slakk denne vegen, vil straminga av benken ta seg av, når ein spenner borda fast for å høvla.

Mange av strykebenkane har skruvar til å stramma langborda med. Vanlege dimensjonar på skruvane ser ut til å vera to til to-og-ein-halv tomme. Verktøy til å skjera gjengar, finnest både i gamle heimelaga versjonar, men dei er også i handelen hjå til dømes Dieter Schmied.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: