Me er komne til siste dagen på denne studiesamlinga. No nermar fleire av benkane seg ferdige, og me har hatt ein gjennomgang av korleis ein strykebenk artar seg i bruk.
Strykebenken skal fungera til å retta kanten av eit bord. Ein får retta både vinkelen på kanten av bordet, og linja i lengderetningen på bordet, i same operasjonen. Ymse profilering og pløying kan takast i same slengen i tillegg. Benken må vera heilt korrekt, med heilt rette langbord, skal dette fungera.
Dersom ein med det same ønskjer å høvla plog og pinn (not og fjør) på golvbord til dømes, stillest det også høge krav til bordet ein høvlar. Det lyt vera heilt plant på oppsida, som vert den sida ein skuvar landet på høvelen mot sidevegs når ein høvlar i strykebenken. Baksida (undersida av eit golvbord) derimot, er det ikkje så farleg med. På gamle golv er dei oftast dimensjonert på tjukkelse kun på dei punkta dei ligg nedpå ein golvbjelke. Denne dimensjoneringa er gjerne gjort med øks dersom det er mykje som skal takast av, eller ein høvel (til dømes ein grubhøvel (skrubbhøvel)) dersom det er mindre material som må vekk.









