I samband med bygging av ein liten fjøs saman med Harry Hillestad.
Me har bruk for ei samanføying mellom golvbjelke og rama nede (svilla), som hjelper til å halda rama i ytterveggen av bygget på plass. (Den gamle muren som skal nyttast er litt rufsen, og delar av bygget skal stå på søyler over den gamle mottinga). Samstundes vil me ha mest mogleg ved att i rama/svilla i ytterveggen, både i høgda og i breidden av svilla. Me velgjer difor ei samanføying med bærebryst i kombinasjon med svalehale.
I andre enden av golvbjelkane, skal dei fellast ned i ei svill som ligg midt inne i bygget, og denne svilla har tett med understøtting. Her er det difor godt nok å fella bjelken på halv ved mot svilla. Skal svalehalen i andre enden av golvbjelkane (dvs v/ytterveggen) ha nokon misjon til å halda fast i svilla, må golvbjelken ha ei løysing for å ta strekk også i den enden som ligg midt inne i bygget, og dette gjer me ved å bora og slå ned ein nagel. (Vidare innover i golvet lagar me ei tilsvarande løysing, slik at det heile vert halde saman frå yttervegg til yttervegg.)
Svillene har dimensjon 6×8 tommar, medan golvbjelkane har dimensjon 6×6,5 tommar.
Skjematisk føregår nedfellinga av golvbjelken slik:
Me startar med å kappa golvbjelken på det totalmålet me har frå yttersida av svilla i ytterveggen, og til til-og-med svilla midt i bygget. Så målar me 6 tommar innover frå kvar ende av golvbjelken, 6 tommar svarar til breidda av svillene. Her målar me den faktiske breidden på svillene og brukar dette, for å ta omsyn til småvariasjonar i materialdimensjonane. Svillene der denne bjelken skal liggja, står 15,2 mm breidde. (Me kunne ha lagt bjelken ned på svillene og streka, men bjelkane er lange og tunge, og me vil behalda dei i arbeidshøgde oppe på bukkane (spesielt sidan me har ein dårleg mann til å løfta, og det er 24,5 kuldegrader. (plastikk-vateren vår knakk av si eiga vekt i kulden, så den må ein hugsa å løfta på midten.))
Ut frå materialdimensjonane, velgjer me å saga ned 6 cm i undersida av golvbjelkane, og me nyttar ein vinkelmal av tre på 6 cm til dette. Så høgg me vekk, det me høgg vekk er då ein klosse på 6 cm x 15,2 cm i kvar ende av golvbjelken.
Berebrystet vil me ha på omlag 4 cm djupne inn i svilla, og me brukar breidda av stålvinkelen vår til å merkja for dette i golvbjelken. Det same gjeld tjukkelsen på bladet til svalehalen, og me merkjer på same måten med breidda av stålvinkelen.
Skredda på svalehale-bladet høver å måla inn 3 cm frå kvar side, då vert bladet 9 cm (15cm minus 3cm minus 3cm) på det smalaste, og fullbreidde, 15 cm, i den breiaste enden. Lengden på svalehale-bladet er omlag 11 cm (15cm minus 4cm).
Når golvbjelken er ferdig hogd i begge endar, legg me han ned på svillene, og han ser no slik ut i enden som har svalehale og berebryst:
Me legg han ned på plassen sin, og han ligg i det første hakket som er 6 cm djupt:
Når golvbjelken ligg på plassen sin på svillene, har han no all informasjon i seg om dei hakka me skal ta ut i svillene.
Før dette har me hatt bjelken liggjande på bukkar, og me har så langt ikkje tatt omsyn til eventuell vriding i golvbjelken, me har kun passa på at han vert liggjande med krylen opp. Når me legg bjelken ned på svillene, fordeler me vriding i bjelken halvt om halvt i kvar ende. Me har laga alle fellingane i bjelken med kantane på bjelken som referanse, men sidan me tek fallet ned i svillene ved hjelp av passar, får ein likevel full kontakt overalt.
Me strekar rundt bjelken alle vegar, og loddar ned frå svalehalen, og tek fallet med passar:
Det er to ting me syter for å passa på når me strekar opp fallet med passaren: For det første er det betre at bjelken kjem ein millimeter for høgt, enn ein millimeter for lavt. Kjem bjelken for lavt, vil svilla midt i bygget stikka over nivået på bjelkane, og golvborda vil verta liggjane å ri over svilla.
I tillegg vil me vera sikre på at golvbjelken botnar i berebrystet, og ikkje mot svalehalebladet. Mer har ikkje full kontroll på tørken/krympen. Får me last på det relativt tynne svalehalebladet, kan me risikera at bjelken flaknar i enden.
Me har saga etter strekane i svilla. Når det er hogd ut, dunkar me bjelken på plass:
Magne Kleiveland, student på Tradisjonelt bygghandverk NTNU
Interessant artikkel. Det ser ut til at dette er gjort på ulike måtar. Eg restaurera smio og hanabjelkane er innfelt med svalehalar. Bjelken har ikkje anna understøtting enn at den heng i sjølve svalehalen. Om du er i heimtraktene, er du velkomen til å ta deg ein spassertur sørover, ca 6-7 min forbi Einliskaret og du er der. Her kan du få sjå korleis det er gjort her.
LikarLikar
Ja det må eg kika på. Er det i Koppen du held til? Hanabjelkane vert litt annleis enn ein golvbjelke, eg reknar med dei er felte inn i sperra frå sida.
LikarLikar
Hei
Det er dei. Du er velkomen innom. Ta han far med deg.
🙂
LikarLikar
Det lyt eg gjera.
LikarLikar