For å lage dører på tradisjonelt vis trengs ein heil del verktøy. Alle er i grunn like viktige brikker for at heilskapen skal kunne ta form. I dette vesle innlegget vil eg gjeva kort greie for kva verktøy eg nytta til å produsere ein kopi av ei tidleg 1900-tals fyllingsdør, og kortfatta om korleis eg bruka det. Arbeidet held seg ikkje til nokon konkret tradisjon, og eg har difor arbeidd ganske fritt innanfor rammene som det tradisjonelle verktøyet og teknikkane gjev.

Ein kan sikkert diskutere kva verktøy som har vore nytta og korleis, men eg prøvde å halde meg til det som strengt tatt var naudsynt for å få til det eg skulle, og bruka erfaringar frå tidlegare snikring til å avgrense mengda verktøy til noko eg trur kunne vere realistisk at ein førindustriell snikkar hadde tilgang på. Under følger ein oversikt over kor i prosessen verktøya vart nytta.
Retting og dimensjonering
Verktøy: skrubbhøvel, sletthøvel, langhøvel, siktestikker, vinkel, strekmål (nemninga eg har funne i bruk på ripmott i Telemark)
Skrubbhøvel, sletthøvel, langhøvel: Brukast i dei forskjellige stadia av rettinga og dimensjoneringa av emna.
Siktestikker: Brukast til å sikre at den fyrste flata ein rettar er plan.
Vinkel: Den plane sida som er sikta rett med siktestikkene blir referanseside for vinklinga av kanten på emnet, som blir emnet si andre referanseside.
Strekmål: Brukast til å risse på dimensjon og breidde. Strekmålet må nyttast frå referansesidene.
Oppmerking:
Verktøy: Vinkel, svaivinkel, kniv, tappjarn, strekmål, tvinger, blyant.

Vinkelen: Brukast til all vinkling av merke frå målestikka/lekta og over på emna og alle plassar det er behov for vinkling. Det er veldig viktig og alltid vinkle frå referansesida på emna.
Svaivinkel: I mangel av ein fast 45o vinkel, bruka eg ein svaivinkel til å merke alle gjæringane mellom emna.
Kniv: Eg brukte kniv til å risse alle merkingar frå vinkel/svaivinkel. Dette gjev eit tydelegare og skarpare snitt enn rissenål.
Tappjarn: I oppmerkinga bruka eg også tappjarnet for å gjere snitta som skulle sagast endå greiare å starte på med saga. Ved å føre tappjarnet med plansida i lodd, mot den delen av emnet som skal stå att og deretter legge jernet skrått og snitte inn mot snittet som går i lodd, får ein eit lite spor der saga vil søke seg inn mot sida som er i lodd og soleis passe perfekt med risset.
Strekmål: Brukast til merking av tappar/tapphol og alle faste avstander. Brukast også til oppmerking av fallet på frisane på fyllingane.
Tvinger: For å halde saman fleire emne som skal merkast/vinklast i samme operasjon.
Blyant: Denne var i bruk for trekantmerking av ramtre og referansesider. Høvlast bort til slutt.
Notspor, tappar og tapphol

Verktøy: Nothøvel, lockbeitel, klubbe, grindsag (langved), bakksag (kapp),
Nothøvel: denne må ha stål som er eksakt like breitt som lockbeitelen om det skal fungere. Nothøvelen høvlar alle notspor som trengs på ramtrea. Stillast inn på samme mål som tappar/tapphol er merka på med. Må brukast med anlegg mot referanseside.

Lockbeitel og klubbe: Brukast til å hogge ut tapphol.
Grindsag (langved): Alle tappar vart saga ut med grindsaga. Saging rett på riss, ingen justering.
Bakksag (kapp): Brukast for å sage ut skuldra på tappstykket. Ved å sage ned til snittet som er saga ut med grindsaga vert tappane i sin heilskap framstilt ved saging.
Fyllingar, gjerding, profilering og kittfals:
Verktøy: frishøvel, tappjarn, profilhøvel, semshøvel.
Frishøvel: Eg bruka ein frishøvel med land, djupnestopp og forskjær til å høvle frisane. Frishøvelen var stilt inn på rett breidde og djupne i forhold til det ønska fallet på frisinga. Det vart høvla ned til riss i kanten av emnet.
Tappjarn: Gjerdingane i ramtrea stakk eg ut med tappjarn etter oppmerkingane.
Profilhøvel: Vart bruka til å høvle på profil på alle ramtrea som skulle ha dette. Profilen høvlast etter at gjerdingane er hogd ut.
Semshøvel: For å høvle kittfals nytta eg semshøvel, då eg ikkje hadde noko passande kittfalshøvel. Eg starta ved å føre kanten på høvelen i risset som markerte kittfalsen, og soleis starte i rett breidde. Då eg hadde høvla med ned til rett djubne retta eg opp den andre flata, også med semshøvelen.
Samansetting og nagling
Verktøy: limknektar, klubbe, navar, høvel og naglelo.
Limknektar og klubbe: brukast til å slå saman og deretter tvinge saman alle delane i døra. I denne prosessen slo eg også inn kilar i tapphola for å stramme tappane, og delvis styre tappane opp eller ned om gjerdingane ikkje klaffa heilt.
Navar: Medan dørbladet var tvinga saman bruka eg navaren til å bore koniske hol for naglane som er plassert gjennom alle tappane.
Høvel og naglelo: for å framstille naglane nytta eg ei form for naglelo. Ved å hogge ut eit spor med samme koning som navaren, der grunnaste sida er omlag så djup som tuppen av navaren og lengda tilsvarar omlag to gonger dimensjonen på dørbladet som skal naglast, kan ein dimensjonere naglane til rett koning. Sporet må vere hogd ut i eit plant stykke som er breiare enn høvelen. Ein kløyver ut nagleemne, høvlar dei på to sider fyrst, så legg ein den retta sida ned og høvlar til høvelen sluttar å ta, legg den andre retta sida ned og høvlar til høvelen sluttar å ta. Slik får ein produsert naglar med rett koning effektivt. Naglane slåast inn til dei er passe stramme, og limknektane kan takast av.
Avslutting
Verktøy: Bakksag (kapp), støthøvel, langhøvel.
Bakksag (kapp): Alle tappar og utstikkande naglar vart kappa av.
Støthøvel: Etter kapping med sag, gjekk eg over og støthøvla ned alle tappar og naglar. Eventuelle trappingar mellom forskjellige delar høvla eg også ned med ein finstilt støthøvel.
Langhøvel: Til slutt gjekk eg over alle sidene med langhøvelen. Høvla også på ein svak skrå mot den sida som går inn i karmen.

Det er i grunn to kategoriar verktøy som går att i det meste av snikring. Verktøy til merking og måling og verktøy til bearbeiding av materialen. Samspelet mellom desse må stemme, men mest av alt må handverkaren vite korleis og når verktøyet skal brukast.
Tekst og Foto:
Håkon T. Fjågesund