Studentane har eit eige fag i tømring fyrste studieår. I faget har vi hatt ei vekes samling i Målselv tidlegare i år. Vidare har dei hatt ei heimeoppgåve der dei har kartlagt og dokumentert lokalt tømrarverktøy. Den avsluttande oppgåva i faget har gått ut på å lese gjennom ulike skildringar av arbeidsprosedyrer i tømring, vurdere desse, og vidare lage si eiga skildring av arbeidsprosedyre på ei nov dei sjølve arbeider med. Skildringa skal utformast med tanke på at ho skal ut på bloggen. Tidlegare har Jostein Utstumo skrive om flatlaft, Kai Johansen skrive om Trønderlaft og Sven Hoftun har skrive om Røsslinova. Studentane Henning Jenssen og Magnus Wammen har samarbeidd om å lage ein videofilm som viser arbeidsmåten dei har kome fram til i sitt arbeid med restaurering av stallen frå Heimtveiten. Her kjem introduksjon og filmen frå Magnus og Henning.
Henning og jeg har samarbeidet med denne oppgaven og vi sende inn en film som er klipt og redigert sammen til å sammenfalle hvordan vi har løst laftinga på stallen.