Dette er eit forsøk på å tolke og beskrive ein hypotetisk arbeidsprosess ut frå ei gammal nov i ein bygning som står. Mine føresetnader for å tolke nova er litt erfaring med kurslafting med ein form for raulandslaft, og synfaringar til Røsslistova ilag med Trond Oalann, Jørn Berget og Kjell Gunnar Haraldseid. Me har også tidlegare lafta ein fjoskasse med rundtømmer. Her fekk eg til dømes erfaring i det å merke med passar.
Utvendig liknar laftet på Røsslistova på det kurslaftet eg har erfaring med frå tidlegare med flathogge tømmer og kinningar, men dette laftet har avsmalande rektangulære hovud. Innvendig vert alt annleis. Der er tømmeret fint avrunda og der er ikkje kinningar. I alle fall ikkje synlege kinningar. Eg tenkjer at stokkforma må vera tillaga før ein høgg nova og vil difor også ta med litt om korleis ein sansynleg har tilverka stokkane. Arbeidet med å forstå nova starta med å lage ei skisse (figur 1 og 2) som viser både utsida og innsida av ein stokk. Dette er ei god øving då ein må finne svar på ein del ting for at ein skal kunne trekke ein strek på papiret.

Veggtjukna er om lag 5 tommar[1]. Dette er midt på magen på stokken. Ytterst ute på hovudet er tjukna 4″. Den rektangulære forma til hovudet passar innføre tverrsnittet på innsida av nova. Dette tolkar eg til at forma på hovudet er tillaga etter at nova er hoggen. Men korleis har dei produsert stokkane med mageform på innsida og mergen oftast i midten eller nærare innsida? På Røsslistova nytta me ei snor til å kontrollere om stokkane kunne ha vore

snorslegne langs sua. Dei aller fleste var snorbeine, men nokre var, etter det me tolka, snorslegne to gonger. Altså der det var for mykje kryl på ein stokk har dei ikkje retta denne heilt opp. Eller at dei har tilpassa ryggen på ein stokk til forma på neste stokk. Eller ein kombinasjon. Dei har nok tidleg hatt ein viss peiling på kva som vert den neste stokken. Somme stader er der ein viss fløykant[2] med ganske skarp overgang til mageforma på innsida. Der det er noko glipe mellom stokkane finn me spor etter øks. Dette vitnar om at ryggen er øksa, på innsida. Detter er ikkje tilfelle på utsida der det er vannkant (me finn restar av bast[3]).

Kort utgreiing om korleis me tolkar tillaginga av stokkforma: Stokkane er sannsynleg øksa flate på begge sider fyrst. Når stokken ligg på flasken vert det snorslege for å få rett overlinje. Overlinja vert øksa til med ein vinkel som gjer at ein får ei slags møneform etter midten på stokktjukna. Stokken vert sett opp på kant og snorslegen om lag 1,5″ frå innsida. Dette er målet me fant frå loddplanet på innsida og inn til medfaret[4]. Dette er ei linje som ein kan økse etter i fleire plan for å lage den ovale forma på magen (sjå figur 3). Det er sannsynleg nytta høvlar i den vidare prosessen med å runde innsida fint til.
På Røsslistova er stokkane i det fyrse omfaret lagt ut med rotendane same vegen. Altså at dei nederste, i gavlaveggane, ikkje ligg anføtes. Det same gjeld stokkane på langs som har rotendane i same gavlaveggen. Det er ikkje nytta halvstokk for å få plan underlinje, men der er lagt inn ei lus[5] i eine langveggen ned mot muren.
For å forstå oppmerkinga av nova har me fått lite hjelp i form av spor på Røsslistova. Men der er nokre mål som ser ut til å gå att i fleire stokkar.
Om me konsentrerar oss om overhogget fyrst. Kan dette la seg hogge ut utan at stokken over nødvendigvis har lege på. Vinkelen på den løynde kinningen svingar rundt 30° til 35°, og der kan sjå ut som om det er målt frå utsida av stokken og inn til skjæringspunktet for kinning/overhogg. Dette målet er 5/4» og målet vidare over ryggen til neste skjærinkspunkt er om lag 2″. Summerer ein måla vert der 1/4» omlegg mellom fløykant og skjæringspunktet mellom løynd kinning og overhogget. Sentrere me overhogget på underliggande stokk og har ei bredd i botnen på 21/4» og 3,5″ i toppen, får me skjæringspunkta til kinningane i øvre kant. Langs stokken er kinningane trekte om lag 2″ ut frå veggtjukna. Den løynde kinningen må ikkje hoggast over loddlinja frå innsida av underliggande stokk. Alle kinningar er hogge med øks og er tilnerma plane. Djupna på overhogget ser ut til å passe med om lag ¼ av stokkhøgda. Eller ½ av fallhøgda til neste overliggande stokk. Alt er tydeleg hogge ut med øks. Det er verdt å merke seg at dette er mål som ikkje stemmer på alle stokkane. Kan det bety at der ikkje er nytta ein fast mal eller mål til oppmerkinga?
Når overhogget er ferdig kan me legge opp neste stokk. Den er det allerede laga mageform på men ikkje med markert fløykant på undersida slik som på oversida. Den er meir avrunda på undersida (før den er ferdig medregen). Ein merkar opp breiddane på overhogget som blir til barken i underhogget. Ein merkar opp veggtjukna (loddar opp frå underliggande stokk). Ein merkar av med passaren, innstilt på fallhøgda, for å få lodde opp punkta langs den løynde kinningen. Denne innstillinga på passaren vert og nytta rundt heile nova for å merke opp alle skjæringspunkt med fallhøgda på overliggande stokk. Merk og av vinkelen på den løynde kinningen i underkanten av overliggaren. Den vert hoggen med noko buttare vinkel i underhogget.
Det er viktig å trekke merkingane litt utføre der det skal hoggast slik at ein ikkje høgg vekk merking ein har bruk for. Om ein nyttar ei mindre innstilling på passaren enn fallhøgda sikrar ein seg betre kontroll med tilpassinga.
Eg tenkjer at dette er ei nov som sannsynleg er felt saman i ein tre trinns prosess på grunn av den løynde kinningen. Det er lett å ta ut for mykje her. Kanskje dette endrar seg når ein vert meir røynd og sikker på oppmerkinga?

Etter at garpet og kinningane er hogge ut. Legg me stokken oppatt på plass. Pass på at den er i same loddplanet som tidlegare. Om stokken nå er klar til å medragast eller må fellast meir ned går ut på eitt. Det er i så fall same prosessen ein gong til. Men når me er klare for meddraging, stiller me passaren inn på litt mindre enn medragsbreidda. Dette for at det skal knipe meir i nova enn langs stokken. Dette viser i Røsslistova som tydelege pressmerker i kinningane (figur 5). Medragsbridda tilpassast etter kor stor fløykant ein vil ha. Alternativt kan ein

høvle litt av på avsluttninga på magen inn mot risset etter meddraget. Dette er lettast å gjere på den stokken som vert felt ned. Bere små justeringar kan gjerast på underliggande stokk.
Om det skulle bli slik at midten på magen ikkje stemmer overeins med fløykanten på den stokken den vert felt ned på. Kan dette justerast til ved at ein høvlar eller på anna vis tek av på stokktjukna ved den løynde kinningen (Figur 6) . Dette må gjerast før ein medreg siste gongen. På dette viset kan ein flytte litt på midtpunktet på magen. Dette oppdagar ein allereie når stokken er lagt opp for merking fyrste gongen, og kan takast omsyn til. Då til slutt kan ein finjustere stokkforma med høvelen mot passarrisset langs den løynde kinningen. Slik vil overflatane på stokkane passa overeins i gjerdinga.
Når det gjeld dublungane[6], har me ikkje sett noko til dei i Røsslistova. Men eg er sikker på at dei er der. Skal eg sjå på andre tilsvarande bygg er der ein spissa dublunge som står fast i eit navarhol på ryggen av underliggande stokk. Om den er satt i før oppmerkinga er starta er sansynleg. Då merkar den sjølv av på overliggande stokk plasseringa ved fyrste oppmerking.

Beitskia (figur 7) er tillaga av ein kraftig stokk som grip om ein tapp i kinnungane[7]. Den er noko tynnare en veggtjukna slik at magen på stokkane vert fasa av mot beitskia. Utvendig ligg den plant med veggen. Der er sansynleg ein tapp oppe og nede.
[1] 1 norsk tomme er 26,75 mm. I forts. merka som «.
[2] Fløykant er den delen av ryggen på understokken som kjem utanfor medfaret
[3] Bast er laget mellom barken og veden
[4] Medfar er punktet der stokkane treffest, eller strekane etter mèet
[5] Lus er ein mindre stokk som ikkje er lafta i nova, men ligg mellom for å fylle ut
[6] Dublunge eller dømling, dimling er synonymer
[7] Kinnunge er ein stokk som går mellom nov og dør/vindu eller mellom to opninga i veggen.
2 tankar på “Mogleg arbeidsprosess – «Røsslinova»”