«Røsslinova», tankar og erfaringar i etterkant

image-46769

I bloggposten Mogleg arbeidsprosess – “Røsslinova” gjorde eg eit forsøk på å forklare i tekstform korleis me tenkte oss arbeidet med nova. Det var ei vanskeleg øving. Nå vil eg skrive noko om tankane og erfaringane våre, og komplettera førre bloggpost med bilete og film frå den verkelege prosessen.  

Det er eit svært tidkrevjande arbeid å lafte denne typen nov på tradisjonelt vis. Det er mykje på grunn av at stokkane ikkje kan tillagast med magen på innsida før me veit kvar stokken skal vera. Stokkane i motståande vegg (i same omfaret) ligg med rota same vegen og i tillegg til at dei har varierande kryl eller krok på seg, fører dette til at ein eventuell feil stokk ikkje kan nyttast i same veggen att før etter to omfar høgare opp. Det skal og nemnast at halvparten av tømmeret er hogge, kvista, kappa og barka i skogen med øks, svans, tomanns tømmersag og barkespa ilag med informantar/tradisjonsberarar. Den eine dagen ilag med eine informanten vart noko av tømmeret drege fram til bilveg med hest. Alt arbeid i laftehallen er utført med tradisjonelt verktøy der noko er laga av oss sjølve og anna er gammalt brukande verktøy. Har og tinga kopiar av lokale øksar (frå Li i Suldal) som truleg er frå tidleg 1800 talet, slik som Røsslistova me har som førebilete. Det var og ei tidkrevjande øving å kome fram til ein framgangsmåte som kan ha vore nytta på originalen. Eg trur me er på god veg til å forstå, men me har fortsatt nokre spørsmål me ikkje har fått svar på.

Me starta arbeidet i laftehallen med å øksa til 4″ plank frå rundstokk på førehand. Undervegs i laftinga har det vore viktig å halde ei viss oversikt over krylen på den halvferdige lafteplanken i materialhaugen. På denne måten har me hatt ei viss formeining om kva stokk som vert den neste over, og kunne snorslå rygglinja med til dømes 1″ eller 1/2″ kryl. Det varierte og om toppunktet på krylen var på midten eller nerare ein av endane. Som det kjem fram av skissa til korleis me laga mageforma i førre post, er det kunn innvendig me snorslår rygglinja, utvendig er det vannkanta. Underkanten av stokkane øksa me flat med same krylen som på underliggande stokk. Me erfarte raskt at når me skulle snorslå for mageforma, var det naudsynt å trekke mageforma omlag 1/4″ lenger inn i underkant av stokken enn på oversida. Slik kunne  mèet førast langs fløykanten på ryggen av underliggaren og risse  på den sletthøvla magen på overliggaren. Dette gav ein liten og synleg fløykant nerast på same måten me fant i originalbygget.

Når me kjem til sjølve novinga, høgg me ut overhogget utan å ta omsyn til stokken som skal laftast nedpå etterpå. I filmsnuttane «merking av overhogget» og «hogging av overhogget» går eg gjennom heile tillaginga av overhogget. Me har laga oss ei «ku» med alle måla som er naudsynte i overhogget. Og det er utvendig vegg som er referanseflata til ei kvar tid. Det er ,beklageleg vis, ikkje så god lyd på filmane.

Under følgjer nokre bilete for å synleggjere noko av prosessen med overhogget, som tilleggsinformasjon til filmsnuttane.

image-46620
Biletet syner noko av oppmerkinga i overhogget. Linjene i den høgre kinningen er  streka opp som illustrasjon. Det er ikkje naudsynt å streke dei opp før ein høgg. Legg og merke til streken som indikerar starten for venstre kinning. Alle måla er merka opp ved hjelp av ei «ku».
image-46607
Ferdighogge overhogg sett frå utsida. Prøver å gjera det til ein vane å fjerne mest mogleg av dei trukkne linjene mellom merka mens eg høgg. Etter kvart som ein vert meir røynd og stø på handa, høgg ein utan å trekka opp linjene.

 

 

 

image-46600
Overhogget sett frå innsida. Legg merke til at det ikkje er hogge noko for den skjulte kinningen til venstre.

Når me så legg opp den neste stokken for fyrste merking, har denne omlag den same forma langsetter undersida som stokken under har langs ryggen. Me har laga oss ei lang «sladra» (loddstokk) på 2,5 alen (omlag 157 cm) til å lodde opp stokken i forhold til dei nederste stokkane i veggen. Denne lange sladra sikra oss at ikkje veggen kragar utover, slik som me oppdaga var tillfellet då me nytta ei kort sladra på 1 alen (omlag 63 cm). Det vart lett til at stokkane vart pressa ut opp mot 2 mm i kvart omfar. Erfaringa vår er at når ein bruker slike sladrer (både korte og lange) er det viktig at snora får henge fritt mellom fjøla og bøylen. Ellers er det lett å få ein feilmargin ved at snora heng seg opp. Ein annan faktor til utpressinga er at den skjulte kinningen, på innsida, er svært trang og det er lett å få ein liten rotasjon av stokken utover i øvre kant. Dette vart forsøkt å motvirke, med hell, ved hjelp av jekkestropper (av knall oransje type som ikkje tek seg godt ut på bilete…). Stroppene måtte snuast slik at dei drog stokken innover i overkant. Me har ved fleire høve udra oss over korleis dette vart løyst tidleg på 1800 talet? Korleis har dei laga så tette nover, med trykkmerker etter samanpressing av ved, utan at den skjulte kinningen skapar problemar i form av vidring?

Eg har og laga eit par filmsnuttar som viser  «merking av underhogget» og «hogging av underhogget» for å vise arbeidsgangen. Dei to fyrste nedfellingane er med og hogginga av desse, men ikkje mèdraginga. Til orientering nyttar me eit justerbart mè. Då kan me justera opniga på dette slik at me kjem innafor fløykanten på understokken. Sua øksa me til eit litt ope V-spor.

Under følger nokre bileter som illustrerar delar av merkeprosessen av underhogget.

image-46748
Eg har funne det høveleg å la passaropninga vera omlag eit par cm mindre enn total fallhøgd (på augemål). Det er verdt å merke seg at dess større opningen på passaren er, dess meir unøyaktig vert merkinga. Difor har eg ved nokre høve nytta halve falhøgda som passarmål, der avstanden var svært stor.
image-46728
Under merkinga er det viktig å passe på at passarspissane er i lodd over kvarandre til ei kvar tid, begge vegar, sett ovanfrå. Det er til hjelp å plassere auga i loddplanet, og sikte nedover på spissane. Me fant det og teneleg med ein passar med noko lengre bein. Då var det lettare å halde loddplanet den vegen ein ikkje ser så godt ovanfrå, spesielt når spissane var innunder magen på overliggaren.

Beitskiene i døra er forsøkt laga på same måten som me tolkar oss til i Røsslistova. Der er nokre korte forklarande bildetekstar som kjem fram om ein klikkar på bileta.

Det som kanskje er litt spesielt med dennne nova er at me høgg den skjulte kinningen på innsida av overhogget etter fyrste merking av underhogget (den observante oppdaga at denne delen av prosessen mangla i filmen). Og må takast av meir og meir for kvar merking, heilt til og med meddraginga. Dei andre tre kinningane i overhogget er uberørte etter fyrste hogging. På det beste nøygde me oss med ei tre trinns nedfelling, inkl. mèdraginga. Men det vart oftast tillegsjusteringar innimellom.

 

Alle foto: Ryfylkemuseet

Forfattar: Sven Hoftun

Driftsleiar og snikkar hjå Ryfylkemuseet.

One thought on “«Røsslinova», tankar og erfaringar i etterkant”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: