«Røsslinova», tankar og erfaringar i etterkant

image-46769

I bloggposten Mogleg arbeidsprosess – “Røsslinova” gjorde eg eit forsøk på å forklare i tekstform korleis me tenkte oss arbeidet med nova. Det var ei vanskeleg øving. Nå vil eg skrive noko om tankane og erfaringane våre, og komplettera førre bloggpost med bilete og film frå den verkelege prosessen.  

Det er eit svært tidkrevjande arbeid å lafte denne typen nov på tradisjonelt vis. Det er mykje på grunn av at stokkane ikkje kan tillagast med magen på innsida før me veit kvar stokken skal vera. Stokkane i motståande vegg (i same omfaret) ligg med rota same vegen og i tillegg til at dei har varierande kryl eller krok på seg, fører dette til at ein eventuell feil stokk ikkje kan nyttast i same veggen att før etter to omfar høgare opp. Det skal og nemnast at halvparten av tømmeret er hogge, kvista, kappa og barka i skogen med øks, svans, tomanns tømmersag og barkespa ilag med informantar/tradisjonsberarar. Den eine dagen ilag med eine informanten vart noko av tømmeret drege fram til bilveg med hest. Alt arbeid i laftehallen er utført med tradisjonelt verktøy der noko er laga av oss sjølve og anna er gammalt brukande verktøy. Har og tinga kopiar av lokale øksar (frå Li i Suldal) som truleg er frå tidleg 1800 talet, slik som Røsslistova me har som førebilete. Det var og ei tidkrevjande øving å kome fram til ein framgangsmåte som kan ha vore nytta på originalen. Eg trur me er på god veg til å forstå, men me har fortsatt nokre spørsmål me ikkje har fått svar på.

Me starta arbeidet i laftehallen med å øksa til 4″ plank frå rundstokk på førehand. Undervegs i laftinga har det vore viktig å halde ei viss oversikt over krylen på den halvferdige lafteplanken i materialhaugen. På denne måten har me hatt ei viss formeining om kva stokk som vert den neste over, og kunne snorslå rygglinja med til dømes 1″ eller 1/2″ kryl. Det varierte og om toppunktet på krylen var på midten eller nerare ein av endane. Som det kjem fram av skissa til korleis me laga mageforma i førre post, er det kunn innvendig me snorslår rygglinja, utvendig er det vannkanta. Underkanten av stokkane øksa me flat med same krylen som på underliggande stokk. Me erfarte raskt at når me skulle snorslå for mageforma, var det naudsynt å trekke mageforma omlag 1/4″ lenger inn i underkant av stokken enn på oversida. Slik kunne  mèet førast langs fløykanten på ryggen av underliggaren og risse  på den sletthøvla magen på overliggaren. Dette gav ein liten og synleg fløykant nerast på same måten me fant i originalbygget.

Når me kjem til sjølve novinga, høgg me ut overhogget utan å ta omsyn til stokken som skal laftast nedpå etterpå. I filmsnuttane «merking av overhogget» og «hogging av overhogget» går eg gjennom heile tillaginga av overhogget. Me har laga oss ei «ku» med alle måla som er naudsynte i overhogget. Og det er utvendig vegg som er referanseflata til ei kvar tid. Det er ,beklageleg vis, ikkje så god lyd på filmane.

Under følgjer nokre bilete for å synleggjere noko av prosessen med overhogget, som tilleggsinformasjon til filmsnuttane.

image-46620
Biletet syner noko av oppmerkinga i overhogget. Linjene i den høgre kinningen er  streka opp som illustrasjon. Det er ikkje naudsynt å streke dei opp før ein høgg. Legg og merke til streken som indikerar starten for venstre kinning. Alle måla er merka opp ved hjelp av ei «ku».
image-46607
Ferdighogge overhogg sett frå utsida. Prøver å gjera det til ein vane å fjerne mest mogleg av dei trukkne linjene mellom merka mens eg høgg. Etter kvart som ein vert meir røynd og stø på handa, høgg ein utan å trekka opp linjene.

 

 

 

image-46600
Overhogget sett frå innsida. Legg merke til at det ikkje er hogge noko for den skjulte kinningen til venstre.

Når me så legg opp den neste stokken for fyrste merking, har denne omlag den same forma langsetter undersida som stokken under har langs ryggen. Me har laga oss ei lang «sladra» (loddstokk) på 2,5 alen (omlag 157 cm) til å lodde opp stokken i forhold til dei nederste stokkane i veggen. Denne lange sladra sikra oss at ikkje veggen kragar utover, slik som me oppdaga var tillfellet då me nytta ei kort sladra på 1 alen (omlag 63 cm). Det vart lett til at stokkane vart pressa ut opp mot 2 mm i kvart omfar. Erfaringa vår er at når ein bruker slike sladrer (både korte og lange) er det viktig at snora får henge fritt mellom fjøla og bøylen. Ellers er det lett å få ein feilmargin ved at snora heng seg opp. Ein annan faktor til utpressinga er at den skjulte kinningen, på innsida, er svært trang og det er lett å få ein liten rotasjon av stokken utover i øvre kant. Dette vart forsøkt å motvirke, med hell, ved hjelp av jekkestropper (av knall oransje type som ikkje tek seg godt ut på bilete…). Stroppene måtte snuast slik at dei drog stokken innover i overkant. Me har ved fleire høve udra oss over korleis dette vart løyst tidleg på 1800 talet? Korleis har dei laga så tette nover, med trykkmerker etter samanpressing av ved, utan at den skjulte kinningen skapar problemar i form av vidring?

Eg har og laga eit par filmsnuttar som viser  «merking av underhogget» og «hogging av underhogget» for å vise arbeidsgangen. Dei to fyrste nedfellingane er med og hogginga av desse, men ikkje mèdraginga. Til orientering nyttar me eit justerbart mè. Då kan me justera opniga på dette slik at me kjem innafor fløykanten på understokken. Sua øksa me til eit litt ope V-spor.

Under følger nokre bileter som illustrerar delar av merkeprosessen av underhogget.

image-46748
Eg har funne det høveleg å la passaropninga vera omlag eit par cm mindre enn total fallhøgd (på augemål). Det er verdt å merke seg at dess større opningen på passaren er, dess meir unøyaktig vert merkinga. Difor har eg ved nokre høve nytta halve falhøgda som passarmål, der avstanden var svært stor.
image-46728
Under merkinga er det viktig å passe på at passarspissane er i lodd over kvarandre til ei kvar tid, begge vegar, sett ovanfrå. Det er til hjelp å plassere auga i loddplanet, og sikte nedover på spissane. Me fant det og teneleg med ein passar med noko lengre bein. Då var det lettare å halde loddplanet den vegen ein ikkje ser så godt ovanfrå, spesielt når spissane var innunder magen på overliggaren.

Beitskiene i døra er forsøkt laga på same måten som me tolkar oss til i Røsslistova. Der er nokre korte forklarande bildetekstar som kjem fram om ein klikkar på bileta.

Det som kanskje er litt spesielt med dennne nova er at me høgg den skjulte kinningen på innsida av overhogget etter fyrste merking av underhogget (den observante oppdaga at denne delen av prosessen mangla i filmen). Og må takast av meir og meir for kvar merking, heilt til og med meddraginga. Dei andre tre kinningane i overhogget er uberørte etter fyrste hogging. På det beste nøygde me oss med ei tre trinns nedfelling, inkl. mèdraginga. Men det vart oftast tillegsjusteringar innimellom.

 

Alle foto: Ryfylkemuseet

Mogleg arbeidsprosess – «Røsslinova»

Dette er eit forsøk på å tolke og beskrive ein hypotetisk arbeidsprosess ut frå ei gammal nov i ein bygning som står. Mine føresetnader for å tolke nova er litt erfaring med kurslafting med ein form for raulandslaft, og synfaringar til Røsslistova ilag med Trond Oalann, Jørn Berget og Kjell Gunnar Haraldseid. Me har også tidlegare lafta ein fjoskasse med rundtømmer. Her fekk eg til dømes erfaring i det å merke med passar.

IMG_20160330_133155b

IMG_20160330_133228b

Utvendig liknar laftet på Røsslistova på det kurslaftet eg har erfaring med frå tidlegare med flathogge tømmer og kinningar, men dette laftet har avsmalande rektangulære hovud. Innvendig vert alt annleis. Der er tømmeret fint avrunda og der er ikkje kinningar. I alle fall ikkje synlege kinningar. Eg tenkjer at stokkforma må vera tillaga før ein høgg nova og vil difor også ta med litt om korleis ein sansynleg har tilverka stokkane. Arbeidet med å forstå nova starta med å lage ei skisse (figur 1 og 2) som viser både utsida og innsida av ein stokk. Dette er ei god øving då ein må finne svar på ein del ting for at ein skal kunne trekke ein strek på papiret.

S-C224e-16050415000_0001
Figur 1

Veggtjukna er om lag 5 tommar[1]. Dette er midt på magen på stokken. Ytterst ute på hovudet er tjukna 4″. Den rektangulære forma til hovudet passar innføre tverrsnittet på innsida av nova. Dette tolkar eg til at forma på hovudet er tillaga etter at nova er hoggen. Men korleis har dei produsert stokkane med mageform på innsida og mergen oftast i midten eller nærare innsida? På Røsslistova nytta me ei snor til å kontrollere om stokkane kunne ha vore

S-C224e-16050415010_0001
Figur 2

snorslegne langs sua. Dei aller fleste var snorbeine, men nokre var, etter det me tolka, snorslegne to gonger. Altså der det var for mykje kryl på ein stokk har dei ikkje retta denne heilt opp. Eller at dei har tilpassa ryggen på ein stokk til forma på neste stokk. Eller ein kombinasjon. Dei har nok tidleg hatt ein viss peiling på kva som vert den neste stokken. Somme stader er der ein viss fløykant[2] med ganske skarp overgang til mageforma på innsida. Der det er noko glipe mellom stokkane finn me spor etter øks. Dette vitnar om at ryggen er øksa, på innsida. Detter er ikkje tilfelle på utsida der det er vannkant (me finn restar av bast[3]).

S-C224e-16050414560_0001b
Figur 3. Eksempel frå ei anna veggtjukne på framgangsmåte for å lage mageforma

Kort utgreiing om korleis me tolkar tillaginga av stokkforma: Stokkane er sannsynleg øksa flate på begge sider fyrst. Når stokken ligg på flasken vert det snorslege for å få rett overlinje. Overlinja vert øksa til med ein vinkel som gjer at ein får ei slags møneform etter midten på stokktjukna. Stokken vert sett opp på kant og snorslegen om lag 1,5″ frå innsida. Dette er målet me fant frå loddplanet på innsida og inn til medfaret[4]. Dette er ei linje som ein kan økse etter i fleire plan for å lage den ovale forma på magen (sjå figur 3). Det er sannsynleg nytta høvlar i den vidare prosessen med å runde innsida fint til.

På Røsslistova er stokkane i det fyrse omfaret lagt ut med rotendane same vegen. Altså at dei nederste, i gavlaveggane, ikkje ligg anføtes. Det same gjeld stokkane på langs som har rotendane i same gavlaveggen. Det er ikkje nytta halvstokk for å få plan underlinje, men der er lagt inn ei lus[5] i eine langveggen ned mot muren.

For å forstå oppmerkinga av nova har me fått lite hjelp i form av spor på Røsslistova. Men der er nokre mål som ser ut til å gå att i fleire stokkar.

Om me konsentrerar oss om overhogget fyrst. Kan dette la seg hogge ut utan at stokken over nødvendigvis har lege på. Vinkelen på den løynde kinningen svingar rundt 30° til 35°, og der kan sjå ut som om det er målt frå utsida av stokken og inn til skjæringspunktet for kinning/overhogg. Dette målet er 5/4» og målet vidare over ryggen til neste skjærinkspunkt er om lag 2″. Summerer ein måla vert der 1/4» omlegg mellom fløykant og skjæringspunktet mellom løynd kinning og overhogget. Sentrere me overhogget på underliggande stokk og har ei bredd i botnen på 21/4» og 3,5″ i toppen, får me skjæringspunkta til kinningane i øvre kant. Langs stokken er kinningane trekte om lag 2″ ut frå veggtjukna. Den løynde kinningen må ikkje hoggast over loddlinja frå innsida av underliggande stokk. Alle kinningar er hogge med øks og er tilnerma plane. Djupna på overhogget ser ut til å passe med om lag ¼ av stokkhøgda. Eller ½ av fallhøgda til neste overliggande stokk. Alt er tydeleg hogge ut med øks. Det er verdt å merke seg at dette er mål som ikkje stemmer på alle stokkane. Kan det bety at der ikkje er nytta ein fast mal eller mål til oppmerkinga?

Når overhogget er ferdig kan me legge opp neste stokk. Den er det allerede laga mageform på men ikkje med markert fløykant på undersida slik som på oversida. Den er meir avrunda på undersida (før den er ferdig medregen). Ein merkar opp breiddane på overhogget som blir til barken i underhogget. Ein merkar opp veggtjukna (loddar opp frå underliggande stokk). Ein merkar av med passaren, innstilt på fallhøgda, for å få lodde opp punkta langs den løynde kinningen. Denne innstillinga på passaren vert og nytta rundt heile nova for å merke opp alle skjæringspunkt med fallhøgda på overliggande stokk. Merk og av vinkelen på den løynde kinningen i underkanten av overliggaren. Den vert hoggen med noko buttare vinkel i underhogget.

Det er viktig å trekke merkingane litt utføre der det skal hoggast slik at ein ikkje høgg vekk merking ein har bruk for. Om ein nyttar ei mindre innstilling på passaren enn fallhøgda sikrar ein seg betre kontroll med tilpassinga.

Eg tenkjer at dette er ei nov som sannsynleg er felt saman i ein tre trinns prosess på grunn av den løynde kinningen. Det er lett å ta ut for mykje her. Kanskje dette endrar seg når ein vert meir røynd og sikker på oppmerkinga?

IMG_20160426_075326b
Figur 5

Etter at garpet og kinningane er hogge ut. Legg me stokken oppatt på plass. Pass på at den er i same loddplanet som tidlegare. Om stokken nå er klar til å medragast eller må fellast meir ned går ut på eitt. Det er i så fall same prosessen ein gong til. Men når me er klare for meddraging, stiller me passaren inn på litt mindre enn medragsbreidda. Dette for at det skal knipe meir i nova enn langs stokken. Dette viser i Røsslistova som tydelege pressmerker i kinningane (figur 5). Medragsbridda tilpassast etter kor stor fløykant ein vil ha. Alternativt kan ein

IMG_20160426_102512b
Figur 6

høvle litt av på avsluttninga på magen inn mot risset etter meddraget. Dette er lettast å gjere på den stokken som vert felt ned. Bere små justeringar kan gjerast på underliggande stokk.

Om det skulle bli slik at midten på magen ikkje stemmer overeins med fløykanten på den stokken den vert felt ned på. Kan dette justerast til ved at ein høvlar eller på anna vis tek av på stokktjukna ved den løynde kinningen (Figur 6) . Dette må gjerast før ein medreg siste gongen. På dette viset kan ein flytte litt på midtpunktet på magen. Dette oppdagar ein allereie når stokken er lagt opp for merking fyrste gongen, og kan takast omsyn til. Då til slutt kan ein finjustere stokkforma med høvelen mot passarrisset langs den løynde kinningen. Slik vil overflatane på stokkane passa overeins i gjerdinga.

Når det gjeld dublungane[6], har me ikkje sett noko til dei i Røsslistova. Men eg er sikker på at dei er der. Skal eg sjå på andre tilsvarande bygg er der ein spissa dublunge som står fast i eit navarhol på ryggen av underliggande stokk. Om den er satt i før oppmerkinga er starta er sansynleg. Då merkar den sjølv av på overliggande stokk plasseringa ved fyrste oppmerking.

IMG_20160426_102601b
Figur 7

Beitskia (figur 7) er tillaga av ein kraftig stokk som grip om ein tapp i kinnungane[7]. Den er noko tynnare en veggtjukna slik at magen på stokkane vert fasa av mot beitskia. Utvendig ligg den plant med veggen. Der er sansynleg ein tapp oppe og nede.

 

 

 

[1] 1 norsk tomme er 26,75 mm. I forts. merka som «.

[2] Fløykant er den delen av ryggen på understokken som kjem utanfor medfaret

[3] Bast er laget mellom barken og veden

[4] Medfar er punktet der stokkane treffest, eller strekane etter mèet

[5] Lus er ein mindre stokk som ikkje er lafta i nova, men ligg mellom for å fylle ut

[6] Dublunge eller dømling, dimling er synonymer

[7] Kinnunge er ein stokk som går mellom nov og dør/vindu eller mellom to opninga i veggen.

 

 

 

Tømring 1. året på Ryfylkemuseet

 

IMG_1709b
Røsslistova er flytta frå plasset Røsslio under Våge til Kolbeinstveit på 1950-talet

I faget tradisjonsfagleg utøving 1 har me på Ryfylkemuseet valgt ei husmannstove, Røsselistova, frå omlag 1820 som førebilete. Dette er ei forseggjort stove med fint avrunda stokkar i veggane på innsida, utan synlege kinningar. Utvendig er det ein grovare utføring med øksa overflate og rektangulære hovud og kinningar i nova. 

Ernst Berge Drange, bygdebokskrivaren på Ryfylkemuseet, skriv på forespurnad av underteikna om plasset Røsselio:

«Svein Villeiksen frå Selland i Hylsfjorden og kona Anna Olsdtr. bygslet plasset i 1817 etter  å ha tent hos lensmannen i Vågje. Dette var eit velståande par utan born, og kan godt ha hatt pengar til å leggja meir i eit hus enn det som var vanleg på eit husmannsplass. Plasset blei fråflytta mellom 1904 og 1910 ein gong.»

IMG_20160330_133232b
Utvendig er veggene øksa til, nova har kinningar og rektangulære hovud.
IMG_20160330_133155b
Innsida har fint maga tømmer og skjulte kinningar

Etter nokre rundar med oppmåling og skissing av laftet er me i gang med å hogge ei modellnov. Me har fått med oss Jørn Berget frå Bø i Telemark i denne prosessen.

Under tillaginga av dei fyrste stokkane til modellen har hovudfokuset vore å gjennskape forma. Målet er etterkvart å prøve å tilnerme oss ein framgangsmåte og verktøybruk som sansynleg er nytta på Røsslistova då ho vart sett opp.

IMG_20160419_133822b
Fyrste forsøk på «Røssli-nova»
%d bloggarar likar dette: