Tungt bindingsverk med Robert Klumpp på Hardanger Fartøyvernsenter

På læringsarena Vestland driv vi med eit bygg i tungt bindingsverk. Instruktør er Robert Klumpp som har lang erfaring med desse bygga både frå den tyske og den norske tradisjonen. Dette er eit arbeidssystem som har opphav i ein stor handverkskultur med tidlege ordningar for utdanning og handverkslaug. Ein merkar at kunnskap i matematikk og geometri er meir framtredande i dette systemet enn i stavlinesystemet, spesiellt når ein kjem til takkonstruksjonen med  hengeverk og skifting. Vi veit likevel at dette var vanleg kunnskap også i Norge då det låg inne som ein vesentleg del av svenneprøva for tømrarar fram til industrien etterkvart tok over produksjonen av takkonstruksjonane og det etterkvart vart mindre aktuelt å utføre utreikningane på byggeplass. Desse bygga er tenkt på ein litt annan måte enn våre. Der vi brukar strevarar og kledninga som stivande prinsipp, er det her djupe tappar og plugging som gjeld. Tradisjonellt er desse bygga helst utmurte med tegelstein og leirmørtel. I dei eldste husa kan ein i staden for tegel finne flettverk i tre som er fyllt opp med leire. Den samla tyngda i bygget vil difor verte høg, og dette gjer at konstruksjonen er sterk og stabil når alt verkar i hop.

Det må og nevnas at Robert Klumpp legg vekt på at alle seksjonar skal «spenne», det skal ikkje vere for stramt, men heller ikkje slakt. Balansegangen er medviten og kontrollert gjennom måten delane vert lagt opp og målsett. I prosessen vart det terpa på nøyaktigheit i denne delen av arbeidet. Det grunnleggande er å ha sikre mål og bevisst prosedyre i uttak av stavlengde, tappar og tapphol.  

Dette byggesystemet krev at grunnmuren er i vater sidan rettinga av rafta er gjort i syllomfaret via lik stavlengde.  Slik sett skiljer dette seg frå td nordmørsk stavline der stav og strevarlengde vert avgjort på tufta. Utmurt bindingsverk finn ein serleg i Oslo og kvadraturen, men og til dømes i Kristiansund, Vågen. Mange av desse bygga er i dag kledd slik at det ikkje er så lett å oppdage.

Teksten er ein stegvis gjennomgang av prosedyra Robert Klumpp går etter når han  legg ut veggane, merkar stavar, losholtar, og justerer eventuell vridning.

Overføring av mål.

1. Ein legg svill og raft på bukkar eller i låsbenk for paralelloverføring av mål

2. Stavane delas inn i rom etter mål frå teikning eller plan.

3. Sett inn merke for støtpunkta på skråstivarane

4. Svill og raft leggas ut liggande med rett avstand. Viktig å ha klossar som underlag for å kunne justere. Avstanden settas med målsatt lekt eller fjøl som har rett kant. Råskakken målast inn med å legge ein langfota linjal på sida av lekta. Dette vert nære, eller godt nok til innmåling av avstanden.

Stavane leggas direkte over syll og raft

5. Stavane leggas oftast med rota ned i sylla. NB: Her er det lurt å legge staven slik at ein får ferdig målt inn tapplengde på den eine sida. I dette systemet er det  3’’ tapp.

6. Vridninga i stavane takast opp slik at staven fylgjer sylla nede. I toppen måler ein inn vridningshøgda med passar og set måla av direkte. Dette gjer at tappen opp får rett vridning. Staven sitt ytste hjørne følger rafta slik at veggliv ikkje vert forstyrra, eller at vatn kan trenge inn frå topp stav. (Må ikkje stikke utanom veggliv)

Ferdig merka for uttak av tapp.

7. Lengda på stavane settas av. For å få rett avstreking brukar ein langfota linjal. Det siktas over for å få rett avmerking på oversida av staven.

MERK: Nummerer delane etter det merkesystemet du har valgt deg før du tek dei vekk. Sett merke for svill/utside som er referanseside.

8. Stavane sagas inn for tappane. Det er viktig å fjerne meir ved enn du trur i tappen. Alle streker skal vekk bortsett frå lengdestreken. Der er det halv strek som gjeld. I tillegg skal tappane ha fas alle vegar i enden. Det er betre at dei er noko for tynne enn omvendt når ein skal smette inn mange stavar, losholtar og skråstivarar på same tid.

Stavane settas inn før skråstivarar og losholtar leggas på

9. Når stavane er fjerna veltar ein syll og raft for tapping.

10. Stavane settas inn i hola og deretter strammas det opp med jekkestroppar eller liknande. Tenk plassering av stroppane slik at ein ikkje får nedbøying.

Skråstivar vert merka slik at ein har noko å justere på.

11. Råskakken målast nøyaktig før strevarane vert lagt over og merkas av.

12.Skråstivarar sagas for tapp og leggas inn der dei skal. Viktig: La strevartappen vere litt lang på framsida (skråtapp) for mogleg justering av vinkelen ein siste gong.  Bygget strammas opp og diagonalane justerast nok ein gong.

Målelekta vert lagt på. Her står og høgdene for losholtar i tillegg til mål mellom syll og raft.

13. Målelekta med fastmål leggast over og eventuelle losholtar merkas av. Losholtar merkas av for tapp og leggast på bukkar for uttak av tappar.

14. Slepp opp stramminga og snu delane for uttaking av tapphol for losholtar i stavane.

Naglehola vert borra tvers gjennom i alle tapphol. Stavar og losholtar vert lagt inn etterpå og får merke før dei vert tatt ut og borra for seg.

15. MERKSEMD: Alle tapphola borras for nagle tvers gjennom tapphola. Boret skal gå inn i lodd for at det skal vere like mykje ved att på båe sider av tappholet. Det er ca 2cm nedanfor innkanten på desse tappane. Tappane må vere sopass lange som 3 tommar slik at det er nok endeved i tappen til å halde naglen som kjem inn litt forskutt. Dette for at naglen skal tvinge delane ihop.

16. Losholtane leggas inn og bygget strammas og justerast dønn slik at alt stemmer. Det skal vere tett i alle samanføydde flater på utsida, men innsida er ikkje like avgjerande.  Det er likevel å strebe etter tette samanføyingar heile vegen.

Boret vert sett inn på skrå og rettas raskt opp. Nagleholet vil bli litt høgt og dermed dra staven nedover og i hop med syll/raft.

17. Kjøyr boren inn i tappen slik at den set av eit merke. Deretter løysast bygget og tappane boras forskutt. Sett boren i merke og start boringa med nok vinkel til at boret grev seg nokre mm oppover før du rettar opp i lodd og borar gjennom.

18. Sjå over at alle delane er nummererte og merka etter plana/merketeikninga. Sett delane vekk og gå vidare.

Bryggen i Bergen- ei oppmerkingshypotese.

Vi har fått utdelt eit laft frå Bryggen i Bergen. Det er rydd på begge sider og ca 3 tommar breidt.

Det er og eit bildemateriale som syner oppmerking som truleg har relasjon til laftinga. Hypotesa er at merkinga er gjort i samband med å lafte nedpå ein stokk som har ferdig opplaft. Vi vil difor prøve ut om denne oppmerkinga kan vere ein måte å merke nedlaftet på utan bruk av andre verktøy enn eit risseverktøy. Det kan vere til dømes kniv eller øks.

Stokk som har oppmerking og nedhogg med kinningar. Stokken vart brukt på ein anna stad i veggen slik at den ikkje fekk opplaft. Merkinga over nedhogget vart difor bevart.
Vi startar med å forme stokken mot den andre slik at det vert fint å meddra.
Halvkløyvingane må rundas på kantane slik at meddraget får plass.
Opplaftet hoggas frå ei markering av midten.
 Nedhogget skal stoppe litt over halva ned til stokken under.
Etter markering av midten opnas det opp for kinningane. Denne bør gå ned til stokken under
Her er 1/3 av stokkbreidde markert med øksa. Øksa kan settas ned på augemål og førast i staden for å hogge. Det skal kinnast inn til merka/ 1/3 av stokkbreidda.
Kinning inn mot merka.
Kinninga skal treffe subreidda nede

Påstokken leggas opp og loddas. Det er sannsynlegvis lodda frå senter av stokken på Bryggen originalt, men det kan og vere at ut eller innsida har vore bruka.

Øksa vert bruka til å markere breidda på nedhogget. Det er viktig å ikkje gå ut over stokkebreidda på 3 tommar.
Her er markeringslinjene. Følg kinningsfallet paralellt og forbi kryssningspunktet.
Her er det øving og sikting som gjeld. Fallhøgde vert tilsvarande  punktet der dei to linjene framleis er 1 tomme frå kvarandre.
Det kan fort bli for liten fallhøgde når ein ikkje har målt denne. Det ser ikkje ut som om oppmerkinga frå Bryggen har noko eksakt merke for dette.
Snu stokken og hogg ut etter markeringa. Det skal kan hoggast ned til halv høgde av fallhøgda før ein høgg ut for barken og kverken
Barken skal vere 1 tomme eller litt mindre i breidda. Kverken vert da tilsvarande 1 tomme på kvar side.
Kinningane hoggas inn mot 1 tomme avstand også i underhogget. Det ser ut som dei ikkje går heilt ned/opp til kverken på originalstokken
Stokken er klar til meddraging, men åpninga i botnen vart for brei. Dette er laftarens øvingsmoment, å finne balansen mellom for mykje og for lite.

Tek ein ut for mykje i nedhogget før meddraging så klarer ein ikkje å hente det innatt utan mykje meirarbeid med å auke på meddrag og maur. Osterøyingane som lafta Bryggen etter brannen i 1702 fekk god anledning til å øve mykje. Det er berre å studere mengden med tømmer og arbeid som skulle gjerast på få år. Dette har gått raskt, og bryggene skulle ikkje vere varme.