
Vi som har læringsarena i Oppland har ein blanding av eigne prosjekt men og felles prosjekt. Under dei felles prosjekta så er oss samla på Maihaugen. Her har oss deriblant tømra opp ein ny trapp til stabburet på Bjørnstad-tunet. Tappa er ein tømra trapp er det er bruka kamnov i hjørna og for låsing av trinna.
til denne tømringa så har oss nytta følgande:
Tømmersaks, skanteøks/ryarøks, sot/krittsnor, bindhakar/haldhakar, hoggarøks, loddefjøl, blyant, kniv, sotpinne, blekkespade, bandkniv, passar, kneppert/klubbe, hoggjern,grovtanna tverrvedsag og svans
Tømmersaksa er eit hjelpemiddel for å kunne frakte tømmer frå ein stad til ein annan. T.d frå der stokken ligg lagra til plassen han skal skantast. Når stokken er lagt på 2 eller fleire tverrstokkar, tilpassa handverkaren som skal ry/skante, blir 2 striper av borken fjerna. Desse 2 stripene er ca der dimensjonen på tømmerstokken skal bli. I dette tilfellet vart stokkande telgde ned til 5« som liknar originalstokkane i trappa vi skulle kopiere. Når stripene er blekte kan ein ta til med oppmålinga av stokkbreidd og merkje stokken for skanting. Når ein nyttar sotsnor gjev dette gode svarte merkjer på det kvite tømmeret og er enkelt å sjå og hogge etter. For at stokken skal ligge roleg på opplaget er det ein fordel at stokken blir sett fast av bindhakar. Avhengig av stokkstørrelse og krok på stokken kan det væra hensiktsmessig å nytte minst 2 bindhakar, nokon gonger 3. Antalet avheng òg av korleis opplaget er forma. Det viktigaste er at stokken ligg i ro under heile prosessen og at han ikkje vri på seg då dette førar til unøyaktig dimensjon og vridning.

Når stokken er sotsleggen, kan skåringa eller nibbinga ta til. Somme nyttar ikkje denne teknikken når dei skantar. Dei nyttar ein tekknikk som på somme dialektar kallast for «skvelling». Vi er av den oppfatninga at «skvelling» er ein god teknikk der lite ved skal fjernast og at nibbing absolutt er ein god teknikk når mykje ved skal fjernast.
Nibbing er ståande «v-ar» hoggen inn i kvar side på stokken, med om lag 30 cm mellomrom. Ein hogg ikkje heilt inn til streken i nibbeprosessen, då dette blir teke med ryarøksa til slutt. Ein kan nytte forskjellig slag øksar i arbeidet med nibbing, men ofte vart det nytta hoggar/smaløks på leringsarenaen. Når stokken er ferdig nibba tek ein til med klamphogging. Denne klamphogginga kan også utførast med forskjellige slag øksar, den mest brukte er truleg hoggarøks/smaløks. Når sida på stokken er grovhoggen kan sjølve skantinga ta til. Her har det nok vore nytta mange typar økser gjennom tida, men har ein tilgang til ei skanteøks er dette ein god reidskap om ein er vand med å bruke ho. Vi skanta stort sett bakover med «tradisjonelle» øksar frå området.

Vi måtte også prøve ei svensk bjelkeøks, der ein etter sigande skal gå framover. Dette ga vi tidleg opp og gjekk tilbake vil dei vande reidskapa.

Når stokken er ferdig forma og skal inn i veggen, nytta vi sag for kapping.

Det vart diskutert om vi skulle nytte «ku» altså ein mal i oppteikning av hogget. Dette gjekk vi bort frå då ein kunne sjå på originalhogginga at dette ikkje var gjort. «kammen» hadde ulik breidde i same vegg. Vi fann derfor ein «middelveg» på hogget og dette vart ein slags målestokk for arbeida. Kvar og ein målte dette opp med sine tommestokkar og passarar – resultatet vart difor ikkje heilt likt sjølv om vi nytta dei same måla, dette gjorde at det vart mykje likt som på den gamle trappa.

For å ta ut veden av oppsåta og underhogget nytta vi deriblant sag, oss saga ned for der innsiden på den stokken over skal legge seg inn mot. Det ein kanskje kan kalle toppen på kammen vart hogge til med øks, både på oppsåta og underhgget.


For og hogge ut der som kammen skal låse i stokken over og det same for undersiden, så bruka oss hoggjern for og hugge ut etter at oss hadde saga ned. Det vart også bruka øks, der det var mogleg

Etter grovtilpassinga av stokken så vart stokkane meddrad. med kamnova kan ein tilnærma merka alt med medraget.
Til og hugge ut mosefaret så vart det bruka øks. det varierte litt om ein bruka ein smaløks eller ein bruka ein større øks til dette.

Trappa som oss skulle kopiere var ikkje den opprinnelege trappa som fulgte med stabburet frå Bjørnstad. den trappa som skulle skiftast ut bar tydeleg teikn på at den var tømra saman av diverse restematerialer og ikkje heilt likt med det som vi har funne av bilete/teikning av korleis trappa var da stabburet kom til Maihaugen.

Vi hadde moglegheit til og gjere nokre endringar med den nye trappa i forhold til den som skal skiftast ut. Oss har prøvd og etterlikne ryinga, nova og trinna. Det oss også har prøvd og etterlikne er størelsen på trappa.

Vi hadde tilgang på ein eldre stokk med kamnov som oss brukte som utgangspunkt for tømringa.
Verktøya som oss bruka er basert på dei verktøyspora som oss har funne på trappa samt på den gamle stokken som oss hadde til rådigheit. Ryinga av tømmeret er nok den delen av prosessen som det er lagt ned større undersøkingar av verktøyspor. Rying er den delen av arbeidet som gjev tydlegaste verktøyspor mens ellers så begrenser det seg på grunn av at det er små flater noko som gjer at ein ender med og berre sjå kva slags verktøy som er bruka utan og finne ut så mykje meir.