Jamnt rundtømmer og ravling

Denne veka er vi i skogen og hogger det siste tømmeret til smia vi tømrar på. Raftstokkar og åsar er det vi manglar. Samstundes tar vi ut nokre stokkar for å prøvetømre nokre nover av den typen vi studerte på stabburet på Eggen i Bardu. Det var slåande kor jamntjukke stokkane var på dette stabburet. Vi målte at det var mindre enn 0,5 cm avsmalning pr. meter. Snittet i diameter på stokkane var kring 6 ½», smått tømmer altså.

Furu med omlag 7″ diameter i brystmål og med kring 0,5 cm i avsmalning pr. meter. Det er den furua på midten som er blinka det er snakk om. Foto: Roald Renmælmo

Vi har funne nokre furuer som vi trur kan høve til prøvetømring. Det er langt mellom dei i det bestadet som vi har hogd i denne veka. Truleg er dette sjeldan vare. Vi har prøvd å ravle eit par av stokkane i skogen, medan dei andre har barken på. Vidare vil vi sjå korleis det er å gå vidare med pjåling av stokkane og korleis overflatene blir i ferdig stokk.


Videoklippet viser Magne Kleiveland som ravlar ein stokk i skogen. Det tek litt tid å bli kjent med ravelen og arbeidsmåten, men den høver godt til slikt jamnt småtømmer som dette.

Hoggarøks smidd av Mattias Helje. Dette er ein kopi av ei øks frå Snekkergården på Tolga i Østerdalen. Tilsvarande økser har også vore vanleg i Målselv. Foto: Roald Renmælmo

Alt tømmeret vart hogd med øks og vi sokka nederste del av furua før felling.

 

Tømring i Sundlia

Vi er snart ferdig med andre uken hos Midt-Troms Museum i Sundlia, med tømringen av Aursfjordsmia. Vi jobber videre med sinknova med tapp som vi lærte hos Arne Pedersen, og ryr tømmeret vi hugget tidligere i vinter. Vi er nå kommet 5-6 omfar opp i veggen, og har rundt tre omfar igjen til rafta.

IMG_1874
Arne Pedersen si sinknov hugges her med ei Mustadbile som jeg fikk hos Arne. Den er fra et gammelt militært vertøysett for tømmerman. Jeg fikk hjelp av Roald Renmælmo til å slipe bila med en plan slipefas.

Stabbur og loft i Indre Troms

Eg var ute med studentane i Midt-Troms i går for å sjå på nokre gamle bygningar i Bardu. Eitt av husa vi såg på var eit stabbur på Eggen på Bardujord i Bardu kommune. Eg er vant til å bruke omgrepet stabbur om desse relativt små bygningane som står på grime og stabbar. Dei fyrste dølane slo seg ned i Indre Troms frå 1788 i Målselv og frå 1791 i Bardu. Då var det vanleg å bygge stabbur med stabbar og grime lengre sør i landet der desse kom frå. Då reknar eg med at det også var vanleg med grime og stabbar alt frå dei aller fyrste stabbura vart bygd her i området. Eg har ikkje funne døme på noko anna enn det så langt. Stabbar og grime er det også på stabburet på Eggen. Vi kan ikkje vere sikre på alderen på stabburet, men reknar med det frå 1797 sidan det truleg er det som er nemnd i ei skriftleg kjelde som listar opp bygningane på garden. Då er formuleringa at det er eit loft under bygging og ein har fått fram det meste av tømmeret til å få det ferdig. Det er godt mogleg det var stabbur med berre ein etasje og at ein derfor brukte nemninga loft om dette bygget? I alle fall er nemninga med i den skriftlege kjelda frå 1797.

Dette stabburet frå Eggen på Bardujord er mest truleg det eldste stabburet i Indre Troms. Dei andre stabbura i desse områda skriv seg gjerne frå tidleg 1800-tal. Eit døme på eit slikt er stabburet frå Helberg i Sørdalen i Bardu. Truleg er dette frå 1820-talet, eventuelt noko seinare. Dette stabburet har ikkje stabbar og grime i dag, men står på syllsteinar. Eg har ikkje undersøkt om det kan ha hatt stabbar og grime tidlegare. Tømmeret er litt grovare enn tømmeret i stabburet frå Eggen. Elles er det pjåla fint innvendig og stokkane er runde her. Utvendig ser det ut til at tømmeret er rydd flatt, kanskje med tanke på at det skulle kledast med bord? Det ser i alle fall ut til å ha vore gjort etter at det vart tømra.

Vi tar sikte på at vi framover våren skal få gjort oss betre kjent med fleire av dei spennande og flotte bygningane vi har i området.

Tømring i Aursfjord

Arne Pedersen er frå før mest kjent for å vere sagmeister på Aursfjordsaga, den berømte oppgangssaga i Malangen. Her er han den sjette i ein familietradisjon etter Ingebrigt Eliassen som bygde saga i 1796. Arne var den som gjenoppbygde saga på slutten av 1970-talet etter at ho hadde lege nede nokre år. Han byrja tidleg å tømre saman med faren og lærte seg å tømre sinknov med tapp. Han er truleg ein av dei siste som har denne kunnskapen i tradisjon. Sidan vi kjende til ei smie som var planlagt bygd ved Aursfjordsaga kom vi på at det kunne vere eit bra prosjekt for å få trening med sinknover.

Reint praktisk tok vi med oss tømmeret vi hadde hogd og kom ned i verkstaden til Arne. Her gjekk vi i gang med å ry tømmeret til 4 ¼» tjukne. Dette vart gjort etter arbeidsmåten som eg og Arne har arbeidd mest med tidlegare. Stokken vert lagt opp på underlag og sett fast med hakar. Stokken vert lodda og snora for så å bli skåra i jamne avstandar inn mot streken. Dette gjerast med hoggarøks. Så vert stokken lompa, ein kløyver av stykkene mellom kvar skåring. Når det er gjort er det ein tek fram bila og ryr det siste. Sidan vi skulle tømre med sinknover med tapp var det viktig å få slett og presis flate på ryinga. Elles vert merkinga vanskeleg.

Rying av tømmer i verkstaden til Arne Pedersen. Foto: Roald Renmælmo
Arne Pedersen sit på materialstabelen med dei mest brukte øksene ved sida av seg. Nærast han er ei bile smidd av Øyo. Vidare er det økser smidd av Lars Enander, Øystein Myhre og Bertil Parmsten. Alle desse er smidd som kopiar av eldre økser frå Troms. Foto: Roald Renmælmo


Smia er ikkje stor, grunnflata er 6 x 7 alen og rafthøgda var omlag mannshøgda. Vi hogg tømmer med kring 11″ brystmål i skogen ved Storhaugen. Dette kappa vi på litt overlengde og kjørte det ut av skogen med traktor og tømmerhengar. Vi tok med oss stokkane ned til Arne i Aursfjord der vi har halde til inne i verkstaden hans. Her har vi fyrst rydd stokkane på to sider til 4 ¼» tjukne.

 

Tømmerhogst til tømring i Målselv

Vi har tatt utgangspunkt i restane etter ei gamal smie frå Aursfjord som var tiltenkt plassering ved Aursfjordsaga. Vi har valt å byrje med å tømre nytt frå starten av i staden for å basere oss på å reparere på dei gamle og dårlege restane. Smia måler 6 x 7 alen i grunnflate og stokkane var kring 11″ i brystmål. Vi har hogd tømmer ved nordsida av Storhaugen, like ved Rognmogruva i Målselv. For å få mest mogleg erfaring med øks er alt tømmeret felt, kvista og kappa med øks.

Før furuene vart felt vart dei sokka. Det vil seie at den nederste delen av stammen vart barka med øks. Dette tener både som oppvarming av hoggaren og arbeidsbesparande seinare i arbeidsprosessen.

Vi kappa stokkane der det høvde best med kvist og krok, men prøvde å få mest mogleg heillange stokkar på enten 6 eller 7 alen. Ein del av tømmeret var felt og kappa i samband med kurset i Materialforståelse og tradisjonell bearbeiding tidlegare på hausten. Det var omlag halvparten att å felle og kappe. Dette arbeidet tok omlag ein lang dag for oss fire som var i skogen, Henrik, Thor, Magne og meg. Etterpå fekk vi ein nabo med traktor og tømmerhengar til å kjøre tømmeret ut av skogen. Dette tok eit par timar.

Kurs i materialforståelse og tradisjonell tilvirkning

Nokre av studentane og ein lærar framom ein rydd stokk og noko av verktøyet brukt på kurset i Målselv. Foto: Roald Renmælmo
Nokre av studentane og ein lærar framom ein rydd stokk og noko av verktøyet brukt på kurset i Målselv. Foto: Roald Renmælmo

Det nye kullet med studentar på Tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern har gjennomført ei samlingsveke i Trondheim i faget dokumentasjon av handverk i veke 36. Den andre samlingsveka var i Målselv veke 39 i faget materialforståelse og tradisjonell tilvirkning. Her fekk studentane innføring i tømmerhogst, kløyving av tømmer, rying av tømmer, handsaging av bord og saging på ei vassdrive oppgangssag. I løpet av veka arbeidde studentane i grupper med å dokumentere  det dei lærte på dei ulike arbeidsstasjonane. Gruppene har tatt for seg kløyving av tømmer, handsaging av bord og saging på oppgangssag. Arbeidet som gruppene har levert inn vil vi presentere på bloggen.

%d bloggarar likar dette: