Ei enkel mellomaldernov? Forsøk på å rekonstruere ein framgangsmåte for ei 1000 år gammal nov frå Nidaros

Våren 2016 vart Jon Godal, Harald Høgseth og eg invitert ein tur til Vitenskapsmuseet i Trondheim av Karin Rosberg, ein svensk arkitekt som forskar på vikingtidas byggeskikk i Mälardalen. Vi var der av di Karin Rosberg ønskte hjelp til å synfare nokre utvalde stokkar frå den eldste byoppkomsten i Trondheim, i hovudsak 1000-talet, og fleire å diskutere med når ho skulle sjå på desse bygningsrestane frå tidleg mellomalder.

Karin hadde valt ut nokre av dei stokkane som vart tekne vare på og konservert etter gravingar i mellomalderens kulturlag i Trondheim på 1970-talet. Eg tenkte at i tillegg til å kunne diskutere problemstillingane Karin ynskte å ta opp, var dette og ein fin anledning for å kunne sjå litt nærare på noko av det eldste vi har bevart av tømra nover her til lands.

Eg skulle skrive blogginnlegg om dette rett etterpå, men det blei ikkje gjort. Så no har eg nytta høvet og endeleg fått gjort ferdig ei lita utgreiing om noko av det vi såg på, og mitt forsøk på å rekonstruere ein framgangsmåte for novene vi har bevart frå Nidaros eldste bygningshistorie.

Om nova og bakgrunnen for å velje denne.

Under arkeologiske utgravingar i Trondheim på 1970 talet ble det funne mange til dels godt bevarte bygningsdelar i tre. Dei eldste er heilt frå tida då byen vaks fram mot slutten av 900-talet, og det er grave fram mengder av treverk frå heile mellomalderen. For det meste dreier det seg om dei nedste delane av bygningar eller andre konstruksjonar, som syllstokkar, golvåsar, golvbord, kavlebruer, fundamentstabbar, gjerdepålar, bryggepålar og liknande. Nokre av desse er veggstokkar med bevarte detaljar som kan seie noko om korleis ein tømra husa på Nidarneset for 1000 år sidan. Mykje av materialet blei ikkje teke vare på, av omsyn til lagringsplass og kostnader ved konservering, så det er berre eit utval som vi i dag kan studere nærare.

Frå det materialet Karin såg på, har eg valt ut ei nov som eg har prøvd meg på å rekonstruere. Det er ei underhalsnov, som har lange halsingar som går til enden av stokken (fig. 1). Nova blir kalla rännknut på svensk, og er vanleg i bygg frå mellomalder blant anna i Dälarna (fig. 4 og 5) Nova er og i slekt med findalsnova, som kanskje kan seies å vere ein avansert vidareutvikling av denne enkle underhalsnova.

Gjennom arbeidet med å tømre gjesteloftet på Mellomaldergarden Stiklastadir ved Stiklestad Nasjonale Kultursenter, har eg fått auka interesse for dei eldste novformane vi kjenner her i landet, og eg tenkte det kunne vere interessant å forsøke å rekonstruere ei av desse og berre nytte verkty som var tilgjengelege for tømraren i mellomalderen.

figur1
Figur 1: Teikning av stokk, frå utgraving på Folkebibliotekstomta i Trondheim i 1975. Her er lite detaljar, men vi ser at det dreier seg om ei underhalsnov, med lang halsing som går heilt ut til stokkenden. Stokken er frå åra 1050-1100.

Truleg er denne underhalsnova i ulike variantar ein svær gammal form. Arne Berg viser til at liknande novhogg er funnen frå 300 f.Kr i et gravkammer i Altaifjella i Vest-Sibir.

Ein annan stokk vi såg på hadde ein kortare halsing som ikkje gjekk ut til stokkenden (fig. 2). Det er nok lite som skil framgangsmåten på desse to ulike novene. Eg har valt å tømre den med lange halsingar ut til stokkenden.

Begge stokkane er i små dimensjonar, berre ikring 12 og 16 cm i tverrmål. Eg veit ikkje om desse små dimensjonane er representative for ein større del av materialet frå mellomalderens Nidaros. Men vi kjenner at det ofte er nytta nokså granne stokkar òg i dei bygga, for det meste loft, som enno står att frå mellomalderen i andre strok av landet. Men desse er tømra i furu, medan gran ofte vert nytta i Nidaros. I følgje Høgseth var oppimot 80 % av veggtømmeret i høgmellomalderen gran.

figur2
Figur 2: Underhalsnov med halsing som ikkje går heilt ut til enden. Stokken har vore bruka opp att fleire gonger. Den har to nummereringar, 5 og 6, og har truleg til slut enda opp som golvås. Da har den fått flathoggen overside og hol for etter det som kan ha vore pluggar for å festa golvborda. Stokken er funnen under graving i Kjøpmannsgata i Trondheim i 1971, i lag som dateras til 1150-1250. Den ble funnen under golvet i det som truleg var restane etter ei årestue.
figur3
Figur 3: Stokk T82-5, same som på skissa over frå 1971. Vi kan sjå halsingen og overhogget. øksespora er enno tydelege både i sidene og botnen i hogget. Det var ikkje lett å sjå sikre spor etter lengda på eggen på øksa som er nytta, men det ser ut til å kunne vere ei øks med ein egglengde på ikring 6-9cm.
img_0714
Figur 4: Rännknut i härbre, datert 1285, i Älvdalen Sverige.
ra%cc%88nnknut-i-ra%cc%88ttvik-dalarna
Figur 5: Rännknut i ei løe, truleg 1200-tal, i Rättvik Sverige

Arbeidsbeskrivelse:

Eg valde å tømre prøvenova i gran. Originalen er eg usikker på om er i gran eller furu, det er muleg at det er gran. Som nemnt er det funnen rett mykje gran som veggtømmer i Trondheims mellomalderhus. Det er heller ikkje viktig i denne samanheng for mitt forsøk, om eg tømrar i gran eller furu.

Mitt korte ”teoretiske utgangspunkt” er at eg trur tømrarane i mellomalderen ikkje merka opp rett mykje under prosessen, men at det meste gjekk på augemål, erfaring, og nokre få hjelpemidlar (som loddefjøl og passar eller skrape). Eg har ikkje så rett gale augemål, men det kanskje viktigaste, erfaringa, er det så som så med. Så utgangspunktet er vel ikkje heilt optimalt.

Eg valte meg ut først ut fire korte stokkar som var ikring 20-25 cm i tverrmål. Altså noko større enn dei originale. Eg byrja med å barke og pjåle stokkane. Eg valde å pjåle dei, sjølv om eg ikkje kunne sjå sikre spor etter kva verkty dei var barka og sletta med. Deretter flathogde eg undersida på to stokkar, mest for at dei skulle ligge betre.

Desse stokkane blei lagt ut til syll på kortveggane, og så blei ein lagt ut på tvers over, klar til felling ned i desse (fig. 6).

Sidan dette er første omfar, må eg byrja med å bestemme kor eg vil plassere stokken i høve til stokkenden på den under. Eg valde å legge den slik at novhovudet blir stikkande ei handsbreidd utafor veggen. Eg merker meg så kor midten av stokken eg skal felle ned treff den under, og hogger overhogg som er ein del smalare enn stokkbreidda på den eg skal felle ned.  Her kan ein bruke augemål, eller passar som ein sjekkar breidda på stokken med for å sikre at ein ikkje høgg for bredt overhogg.

figur4
Figur 6:To stokkar er lagt ut til kortveggar, og ein stokk er lagt klar til å byrje hogging.
figur5
Figur 7: Med skogsøksa hogger eg ut eit overhogg som er noko smalare enn tverrmål på stokken som skal nedi. Her blir det stødig å legge stokken for hogging av halsing.

Så bestemmer eg kva som er rette vegen for stokken som skal felles ned. Eg legg rygg og kuv opp, og merker så opp med loddefjøl i begge endar (fig. 8) Deretter høgg ein halsingane som vist på figur 9.

figur6
Figur 8: Ein avgjer kva som er opp på stokken (kuv opp), legg den rett og rissar ein loddstrek i kvar ende ved bruk av loddfjøl.
figur7
Figur 9: Etter at ein har merkt loddet i stokken, snur ein den opp ned og høgg halsingane. Dei høgg ein ned mot halve stokkbreidda. På undersida (opp her) høgg ein slik at det blir att passeleg breidd, omtrent det ein ser for seg skal vere breidda på måddåfaret.

Både halsingar og overhogg prøver eg på sjå for meg skal bli i om lag same vinkel, slik at dei skal falle nokså godt i hop når ein legg nedi for vidare oppmerking (fig. 8).

figur8
Figur 10: Om ein prøver å hogge vinkel og djupn i halsingar og overhogg like, kan ein vere heldig og dei legg seg fint på plass på for første oppmerking. Enno er det ikkje merkt opp noko anna enn loddline og midten av der ein vil ha overhogget, og elles hogge på augemål.

Eg bruker passar for å merke opp for den vidare hogginga. Eg vil no ha stokken ned hele høgda av halsingen, det vil då seie ikring halve stokkhøgda. Eg tar da høgda med passaren, og bruker denne høgda når eg riper ned halsingen til overhogget (fig. 11-13).

figur9
Figur 11: På første omfar skal eg felle stokken om lag ned til midt på. Her tar eg høgda med passaren. Eg bruker så den til å medra stokken ned i overhogget.
figur10
Figur 12: Her ser vi ripmerket etter at passaren er brukt til å ripe ned frå halsingen på stokken over.
figur11
Figur 13: Så høgg ein etter ripmerket, og håpar ein har klart å bruke passaren stødig og i lodd. No er stokken kome ned dit den skal.

Framgangsmåten når ein går vidare til neste omfar blir temmeleg lik som den over. Men det blir ein operasjon ekstra med nedhogging, da det her blir for mykje å felle den klar til medraging på første hogging. I tillegg skal stokken no médras mot stokken under. Her er framgangsmåte kort skissert for neste omfar:

  1. Som eg har vist over høgg eg først eit overhogg noko mindre enn breidda på stokken som skal nedi.
  2. Stokken som skal felles ned legges slik ein vil ha han i overhogget, den loddes, merkes og leggas opp ned for hogging av halsingar.
  3. Stokken snus, leggas ned i overhogget og ein tar så høgda ned mot stokken under ved nova, og bruker denne som mål når ein no ripar med passaren. Så høgg ein inn til ripa, og stokken skal i teorien falle ned og vere klar til medraging. Kan hende må ein justere og ta litt både i overhogg og mellom stokkane for å få den låg nok til medraging (maks 15-20mm).
  4. Stokken médras med same mål på medrag og passer. Eg brukte eit gamalt medrag eg hadde tilgjengeleg i medraginga mellom stokkane, og passaren til medraging i nova.
  5. Stokken løftast ut att og ein hogger ut etter ripene i måddåfaret og overhogget. Her må ein merke seg at det ikkje må stå att meire enn opp til medragsstreken under halsen på stokken, og at ein høgg overhogget ned til nakken/måsåleggen på stokken under.
  6. Stokken leggas på plass, og passar forhåpentligvis.

Det er heile tida viktig at ein sjekkar at stokken ligg der den skal, både i lodd og at ikkje dei forskyver seg sidevegs. Det lite som låsar i lengda i denne nova, så den kan lett renne av garde. Kanskje ikkje utan grunn at den heiter rännknut på svensk?

figur12
Figur 14: Fyrste stokken i 2. omfaret er på plass.

Til å tømre denne nova ha eg nytta desse verktya:

  • kopi av ei lett lita mellomalderøks frå Lierne, Nord-Trøndelag, smidd av Mattias Helje
  • norsk skogsøks, mellomaldertype, smidd av Bertil Pärmsten
  • kopi av øks frå ca 1300, funnen i Lödöse, Sverige, smidd av Bertil Pärmsten
  • passar (frå nyare tid, truleg seint 1800-tal)
  • medrag
  • loddfjøl
  • kniv

Eg kunne godt ha klart meg med berre ei øks, helst ein noko tyngre og litt smalare utgåve av øksa frå Lierne. Og ei skrape hadde nok nytta like godt som passar til å medra novene. Ein god skrap kunne kanskje vore nytta både i nova og mellom stokkane?

I tillegg nytta eg ein bandkniv for å barke tømmeret, og ein pjål frå Jon Dahlmo for å slette tømmeret. Og ei Husqvarna motorsag for kapping…

Erfaringar:

Med litt meir erfaring med denne nova trur eg det skal gå nokså greitt å tømre med den, utan anna verkty enn dei nemnte. Eg vil sjå på forbetringar i val av passar, helst vil eg få smidd meg ein god skrap som eg vil teste ut både i nova og mellom stokkane.

Ei erfaring eg gjorde når eg tok til med 2. omfaret var at eg ikkje var nøye nok med val av stokkar her. Det var for stor skilnad på tverrmålet på den eg skulle felle ned i og den som skulle fellast ned. Det gjer at ein får problem med at overstokken fell for langt ned i stokken under, og problemet forplantar seg vidare. Jamt tømmer og små dimensjonar er ein fordel. Elles meiner eg prosedyren eg såg for meg og no har testa ut så smått ser ut til å kunne fungere.

Nova ser svært enkel ut, om den ikkje er direkte krevjande, så krev ho likevel god planlegging, at ein ser eit godt stykke framfor seg, og helst godt, jamt tømmer, for at dette skal gå greitt og bli bra.

figur13
Figur 15: Nova opna så ein ser inni.
%d bloggarar likar dette: