Tungt bindingsverk med Robert Klumpp på Hardanger Fartøyvernsenter

På læringsarena Vestland driv vi med eit bygg i tungt bindingsverk. Instruktør er Robert Klumpp som har lang erfaring med desse bygga både frå den tyske og den norske tradisjonen. Dette er eit arbeidssystem som har opphav i ein stor handverkskultur med tidlege ordningar for utdanning og handverkslaug. Ein merkar at kunnskap i matematikk og geometri er meir framtredande i dette systemet enn i stavlinesystemet, spesiellt når ein kjem til takkonstruksjonen med  hengeverk og skifting. Vi veit likevel at dette var vanleg kunnskap også i Norge då det låg inne som ein vesentleg del av svenneprøva for tømrarar fram til industrien etterkvart tok over produksjonen av takkonstruksjonane og det etterkvart vart mindre aktuelt å utføre utreikningane på byggeplass. Desse bygga er tenkt på ein litt annan måte enn våre. Der vi brukar strevarar og kledninga som stivande prinsipp, er det her djupe tappar og plugging som gjeld. Tradisjonellt er desse bygga helst utmurte med tegelstein og leirmørtel. I dei eldste husa kan ein i staden for tegel finne flettverk i tre som er fyllt opp med leire. Den samla tyngda i bygget vil difor verte høg, og dette gjer at konstruksjonen er sterk og stabil når alt verkar i hop.

Det må og nevnas at Robert Klumpp legg vekt på at alle seksjonar skal «spenne», det skal ikkje vere for stramt, men heller ikkje slakt. Balansegangen er medviten og kontrollert gjennom måten delane vert lagt opp og målsett. I prosessen vart det terpa på nøyaktigheit i denne delen av arbeidet. Det grunnleggande er å ha sikre mål og bevisst prosedyre i uttak av stavlengde, tappar og tapphol.  

Dette byggesystemet krev at grunnmuren er i vater sidan rettinga av rafta er gjort i syllomfaret via lik stavlengde.  Slik sett skiljer dette seg frå td nordmørsk stavline der stav og strevarlengde vert avgjort på tufta. Utmurt bindingsverk finn ein serleg i Oslo og kvadraturen, men og til dømes i Kristiansund, Vågen. Mange av desse bygga er i dag kledd slik at det ikkje er så lett å oppdage.

Teksten er ein stegvis gjennomgang av prosedyra Robert Klumpp går etter når han  legg ut veggane, merkar stavar, losholtar, og justerer eventuell vridning.

Overføring av mål.

1. Ein legg svill og raft på bukkar eller i låsbenk for paralelloverføring av mål

2. Stavane delas inn i rom etter mål frå teikning eller plan.

3. Sett inn merke for støtpunkta på skråstivarane

4. Svill og raft leggas ut liggande med rett avstand. Viktig å ha klossar som underlag for å kunne justere. Avstanden settas med målsatt lekt eller fjøl som har rett kant. Råskakken målast inn med å legge ein langfota linjal på sida av lekta. Dette vert nære, eller godt nok til innmåling av avstanden.

Stavane leggas direkte over syll og raft

5. Stavane leggas oftast med rota ned i sylla. NB: Her er det lurt å legge staven slik at ein får ferdig målt inn tapplengde på den eine sida. I dette systemet er det  3’’ tapp.

6. Vridninga i stavane takast opp slik at staven fylgjer sylla nede. I toppen måler ein inn vridningshøgda med passar og set måla av direkte. Dette gjer at tappen opp får rett vridning. Staven sitt ytste hjørne følger rafta slik at veggliv ikkje vert forstyrra, eller at vatn kan trenge inn frå topp stav. (Må ikkje stikke utanom veggliv)

Ferdig merka for uttak av tapp.

7. Lengda på stavane settas av. For å få rett avstreking brukar ein langfota linjal. Det siktas over for å få rett avmerking på oversida av staven.

MERK: Nummerer delane etter det merkesystemet du har valgt deg før du tek dei vekk. Sett merke for svill/utside som er referanseside.

8. Stavane sagas inn for tappane. Det er viktig å fjerne meir ved enn du trur i tappen. Alle streker skal vekk bortsett frå lengdestreken. Der er det halv strek som gjeld. I tillegg skal tappane ha fas alle vegar i enden. Det er betre at dei er noko for tynne enn omvendt når ein skal smette inn mange stavar, losholtar og skråstivarar på same tid.

Stavane settas inn før skråstivarar og losholtar leggas på

9. Når stavane er fjerna veltar ein syll og raft for tapping.

10. Stavane settas inn i hola og deretter strammas det opp med jekkestroppar eller liknande. Tenk plassering av stroppane slik at ein ikkje får nedbøying.

Skråstivar vert merka slik at ein har noko å justere på.

11. Råskakken målast nøyaktig før strevarane vert lagt over og merkas av.

12.Skråstivarar sagas for tapp og leggas inn der dei skal. Viktig: La strevartappen vere litt lang på framsida (skråtapp) for mogleg justering av vinkelen ein siste gong.  Bygget strammas opp og diagonalane justerast nok ein gong.

Målelekta vert lagt på. Her står og høgdene for losholtar i tillegg til mål mellom syll og raft.

13. Målelekta med fastmål leggast over og eventuelle losholtar merkas av. Losholtar merkas av for tapp og leggast på bukkar for uttak av tappar.

14. Slepp opp stramminga og snu delane for uttaking av tapphol for losholtar i stavane.

Naglehola vert borra tvers gjennom i alle tapphol. Stavar og losholtar vert lagt inn etterpå og får merke før dei vert tatt ut og borra for seg.

15. MERKSEMD: Alle tapphola borras for nagle tvers gjennom tapphola. Boret skal gå inn i lodd for at det skal vere like mykje ved att på båe sider av tappholet. Det er ca 2cm nedanfor innkanten på desse tappane. Tappane må vere sopass lange som 3 tommar slik at det er nok endeved i tappen til å halde naglen som kjem inn litt forskutt. Dette for at naglen skal tvinge delane ihop.

16. Losholtane leggas inn og bygget strammas og justerast dønn slik at alt stemmer. Det skal vere tett i alle samanføydde flater på utsida, men innsida er ikkje like avgjerande.  Det er likevel å strebe etter tette samanføyingar heile vegen.

Boret vert sett inn på skrå og rettas raskt opp. Nagleholet vil bli litt høgt og dermed dra staven nedover og i hop med syll/raft.

17. Kjøyr boren inn i tappen slik at den set av eit merke. Deretter løysast bygget og tappane boras forskutt. Sett boren i merke og start boringa med nok vinkel til at boret grev seg nokre mm oppover før du rettar opp i lodd og borar gjennom.

18. Sjå over at alle delane er nummererte og merka etter plana/merketeikninga. Sett delane vekk og gå vidare.

Erfaring frå novhogging av rått virke med mé og maur som oppmerkingsverktøy

Røynsler og ettertanke frå novhogging av rått virke med mé og maur som oppmerkingsverktøy

I dette blogginnlegget visar eg fleire gonger til ei bacheloroppgåve av Selsjord, Høgnes og Aabol, 2022 NTNU. Nokre gonger nemnt her som “bacheloroppgåva”. Eg visar òg til Om Det å Lafte, band 2. Godal, J. B. Olstad, H og Moldal, S. 2018 Fagbokforlaget.

Litt om det praktiske utgangspunktet

Byggeprosjektet som har gitt anledning til å røyne og reflektere over dette emnet er ein tilnærma kopi av eit hønsehus som står på Haverstad i Sør-Fron kommune. 

Bilde av referansebygget «hønsehuset» slik det står

Mesteparten av det gjenbrukte tømmeret (frå tredje kvarv og opp) er antatt å stamme frå eitt eller fleire andre bygg som utfrå novskalleform og smekre dimensjonar kan sjå ut til å vere opprinneleg oppført på siste halvdel av 1800-talet (etter samtale med Aabol).

Dei første to kvarva er av annan kvalitet enn resten, har ikkje tilforma novskallar, og har reint barkelaft med rett barke, saga. Så denne delen har eg antatt å vere frå første halvdel av 1900-talet. Stavkonstruksjonen som utgjer andre etasje ser òg ut til å vere frå 1900-talet.

Bilde av kopien under tilvirking

Ein tilnærma kopi av hønsehuset: Vi har hatt visse fridomar i utføringa og tilpassing for ny bruk. Dei første to kvarva vart rydd og hogd, men i same dimensjon og med same barke som på referansebygget. Vi har derfor også fått anledning til å prøve ut oppmerkingsverktøy ulike tilnærmingar i tømringa av dette bygget. Her står huset snart klart for heil lengde over dør og vindaugsopningar.

Et bilde som inneholder sko, snø, grunn, person

Automatisk generert beskrivelse

Mé og maur

For å hogge saman novene har vi brukt mé og maur til å merke. Akkurat dette dømet på mé- og maurdrag kjem frå ein original som har sitt opphav i Melhus ifølge auksjonisten som solgte han til Roald Renmælmo, og formen er ifølge sistnemnde ikkje uvanleg å finne vidare i Trøndelag og Nord-Gudbrandsdalen. Kopien vi brukte er smidd av Pål Lien.

Rått virke og heng

Vi tok i bruk mé og maur til å lafte, og etter noko utprøving i starten, falt vi på forholdet mellom liten maur til laftet og stor mé til méfaret.

I mm svarar dette til 

liten maur: 6 mm (ca ¼ tomme)

stor mé: 24 mm (ca 7/8 tomme)

Kinningsfallet på tømra vår varierte mellom 50-68 grader. Dette ga oss eit heng på gjennomsnittleg 6 mm, eller ¼’’, som vi med rettleiarane vurderte til passande heng for å lafte med den dimensjonen tømmer, 6’’sidetelja og opp til 12’’ høgde, som kom rått frå skogen utan å ha lege til tørk.  På eit anna bygg på læringsarena, hadde vi større rundtømmer opp til 20’’. Her var henget vald til 12 mm , eller ½ ’’, grunna meir eigenvekt, og truleg meir romfangsendring i samsvar med større dimensjonar.

Et bilde som inneholder tømmer, tre, Planke, Tømmerhogst

Automatisk generert beskrivelse

Kopi av stallen frå Haugøy med 1/2» (12 mm) heng

Etter kvart som våren kjem og vi held fram med å lafte, vil tømmeret naturlegvis vere meir tørt og allereie ha krympa noko. Til det kjem vurderinga om å knipe inn henget utover i sesongen. Men kanskje også taklasten ville få bygget til å gå nok i saman. Vekta frå stokkane over ein gitt stokk, blir òg lågare jo høgare opp i bygget ein kjem. Så her er fleire argument for å redusere henget jo lenger opp ein kjem, og etter kvart som tømmeret tørkar.

Sidetelja tømmer med heng. Den øverste rundstokken ligg på i midten, av eigen vekt.

Nærbilde av 1/4» (6mm) heng.

Cosinus og invertert cosinus – korleis fungerer mauringa?

På byggeplass er det kanskje ikkje nødvendig å gjere nokre fleire utrekningar enn berre å prøve seg fram til ønska heng, der justerar ein det på skjønn utfrå erfaring.  Det oppstod for min del ein trong til for å forstå kva som ligg i å maure. Det finst noko lesestoff som kan hjelpe til i forståinga av oppmerkingsreiskapen mé og maur. I bacheloroppgåva Høgnes, Aabol, Selsjord, NTNU 2022, visast det blant anna til tabellane i Om Det å Lafte band 2, s 102. 

Etter første gjennomlesing av tabellane i Om Det å Lafte band 2, s 102, oppnådde eg ikkje tilfredsstillande innsikt. Og etter å ha komme tilbake til problemet fleire gonger, har eg gjort eit forsøk på å finne ein logikk som gjev meining for meg. Eg vil dele noko av denne prosessen her, då eg håpar det kan vere nyttig for andre som er på same søken.

Her er eit utsnitt av tabellane i Om Det å Lafte band 2, s 102, med ei lita omstokking av innhaldet, og med kommentarar/gjennomgang i dei svarte bolkane. Det kan vere nyttig å lese heile kapittelet desse tabellane er ein del av.

For å bryte det ned kan det vere greitt å sjå litt på trigonometri. Her er eit forsøk på ein gjennomgang som vonleg vil gjere det enkelt å forstå:

Utan verdiar innslått er

Cos = 1

Cos1 = 90° 

Her er ein enkel framgangsmåte for å finne det kinningsfallet som mé og maur svarar til:

mé / maur = x

1 / x = y

Cos−1 (y) ≈ kinningsfall

Først reknar ein ut kva for tal ein får om ein deler mébreidda på maurbreidda:

Td. 24 / 6 = 4

Så deler ein 1 på det talet og får eit desimaltal

Td. 1/4 = 0,25

Så trykkar ein inn på kalkulator: invertert cosinus og desimaltalet. 

Td.  Cos−1 (0,25) ≈ 76

76 grader er kinningsfallet.

Desse tabellane visar ein teoretisk samanheng mellom mé og maur som svarar til eit kinningsfall. Dei tek ikkje omsyn til heng.

Det er fleire andre omsyn å ta ved justering av kinningsfall til å passe eit mé- og maurdrag. Og det kinningsfallet som er teoretisk rett for ein viss kombinasjon mé- og maurbreidde, er ikkje nødvendigvis det ein ønskar å bruke. Om virket er rått, sig i bygget frå eigen vekt og taklast spelar inn.

Med kalkulator tek vi moderne hjelpemiddel i bruk og eg har ikkje klart å komme fram til ein enklare måte å rekne ut kinningsfallet ifrå eit forhald mé- og maurbreidde, ved hjelp av hovudrekning. Våre forgjengarar som lafta hadde ikkje moderne kalkulator i lomma, og kanskje ikkje kunnskapen til å rekne trigonometri, utan at eg vil anta noko om kva dei visste og ikkje visste. Uansett meiner eg at fortidas utstrakte bruk av mé og maur synar, om ikkje ei uttalt så, ei ibuande forståing av trigonometri i tillegg til ei solid forståing av det levande materialet og bygningsmekanikk.

Kvifor gjere det meir vanskeleg enn å overføre loddet med passar? Eg trur det er fordi maur er overlegent til å merke opp, då den kan ligge an på kinninga heilt inntil underhogget som skal rissast opp, og framleis gir eit godt resultat innanfor eit spenn av kinningsfall. Den tek opp ujamnskapar i kinningsflata.

I praksis viser det seg at det ikkje er nødvendig å ha kjennskap til matematikken bak. Og når vi kjem til å lafte med heng og å lafte med rått virke, blir det i mi oppleving at å røyne seg fram og eventuelt justere mé- og maurbreiddene ein god veg til målet. Og sidan ein uansett vil få ein viss grad av kompresjon i laftet, og sig i bygget, blir det ein skjønnsmessig vurdering uavhengig av trigonometrien, på kva som blir rett kinningsfall eller høve mé/maur i kvart tilfelle.

Justeringar for å oppnå ønska heng

Det er to måtar vi på læringsarena fann at kan hjelpe oss å justere henget når ein laftar med mé og maur: 

Den eine er å endre maur- og mébreidda, den andre er å justere fallet på kinningane.

Eit mé- og maurdrag har ofte to maurdrag og to médrag. På læringsarena Innlandet bruka vi mé og maurdrag som hadde desse måla:

maur: lita opning 1/4» (6 mm) og stor 1/2» (12 mm); 

mé: lita opning 11/16» (18 mm) og stor 15/16 (24 mm)

Utan å tenke på heng svarar gjennom tabellformelen liten maur og lita mé til kinning på 70°. 

Stor mé og maur gir 75°. Det blir relativt bratte kinningar. Gitt at ein har nøyaktig dette kinningsfallet vil stokken ifølge tabellen ligge på både i nov og mefar når han er ferdig hogd. Brattleik, romfangsendring og vekt vil gi utslag ved at stokken fell saman eit stykke i nova, legg seg på mefaret og på sikt blir utett mellom underhogg og kinning. Derfor er det ein god idé at anten kinningsfallet er lågare eller at det er mellomrom til méfaret, slik at stokken har anledning til å komme ned ein viss mengde i laftet, utan at méfaret (resten av stokken) hindrar det.

Det er her ein, i mi forståing, ser at ein ikkje har eller kan ha eit fasitsvar på kva som er rett forhold mellom mé og maur. Gitt at den mengda stokken vil komme ned i laftet kan ha med mange faktorar å gjere, igjen; brattleik, romfangsendring og vekt – og kanskje også særvekt i tørrstoffet.

I tillegg vil brattare kinning gi meir sig og slakare kinning mindre. Så dersom ein nyttar same maur i rot som i topp, kan ein etter kvart få eit avvik på ønska heng, der det på grunn av slakare kinning i toppen ikke blir hogd ut nok i nova, og i tillegg sig mindre når det kjem vekt på. Om dette er eit forløp som jamnar seg ut når taklasta kjem på, er framleis et spørsmål for meg. 

-Sjølv hellar eg litt mot å tru at det ikkje jamnar seg ut, men at henget bør vere likt langs heile mefaret, eller viss noko, vere litt mindre mot nova som har slake kinningar fordi her vil det antakeleg falle mindre saman i laftet. For å oppnå det, kan ein ofte ikkje bruke same maur på nova i rota som den i toppen. 

Det førre avsnittet prøvar å støtte opp argumentet om at det kan ha blitt bruka liten maur på oppsåte rot og stor maur på oppsåte topp, slik som vart nemnt av tradisjonsberar Oddbjørn Myrdal: “Langsmed kinningene ble den andre enden brukt (maurene). Disse hadde forskjellig bredde og den smale ble brukt i rota der kinningene var brattere og den brede ble brukt i toppen der kinningen var slakere. Og det vart da tett sånn” i samtale med Hans Høgnes, gjengitt i Hans sin del av bacheloppgåva s. 62.

Det å bruke liten maur til høg oppsåte og stor maur til låg, kan kanskje gjelde mest ved lange lengder og stor avsmalning. Om maurane vart tenkt brukt til dette formålet, er ikkje godt å seie, – men at det mogleg synast eg er verdt å merke seg.

Praksis på læringsarena

Slik novhogginga på kopien av hønsehuset på Haverstad ble utført, hadde vi i grunn to parametrar å forhalde oss til som avgjorde kinningsfallet. 

Det eine var ønsket om at mefaret (og dermed kinning på underhogget) skulle treffe omtrent der kinninga på oppsåta botna, men også slik at øverst på kinninga til stokken som låg parallelt under også traff omtrent på nemnte plass, slik at det ikkje kunne komme glipe i møtet mellom méfar og nov. 

Bilde av at underkinning, botn kinning og topp kinning treffast

Dette vart avgjort med to faste mål: 

–Den faste dimensjonen gjennom nova , i dette tilfellet 6”

–Og méfarsbreidda, i dette tilfellet omtrent 1/3-1/2 dimensjon (eller der topp kinning råka dimensjonen).

Og det andre som gjorde at kinningsfallet varierte på hønsehuskopien, var høgda på stokken. Frå rot til topp kan kinningsfallet endre seg såpass at det vart synleg meir heng i toppen der det blei lågare kinningsfall. Her spelte avsmalinga på stokken inn. Ein hadde litt slingringsmonn på utforminga til kinninga ved at ein kunne trekke toppen av kinninga lenger ut eller inn frå vegglivet. Dette kunne føre til at når ein médrog méfaret til påstokken ville den kunne treffe nede i kinningsflata på stokken under. Dét igjen kunne motverkast ved at ein lot det vere litt smalare méfar ut mot den enden. Men i fleire eldre bygg vi har sett på har dei ikkje alltid tatt omsyn til det, og det er glipe inn i méfar der han møtar kinning på stokken under.

Det vart fleire små knep og justeringar ein lærte seg undervegs på læringsarenaen, og som rettleiarane kunne dele med oss. I referansebygg ser ein ofte at méfarsbreidda varierar men held seg rundt nokonlunde faste mål, og ein kan fabulere om at lafterane i X tidsperiode har gjort same røynsle og stod i tilsvarande utfordringar som vi har gjort i denne perioden.

I samtale med John Ola Selsjord kunne vi også underholde tanken om at maur og mé vart justert etter slik huset, eller stokkane ville at det skulle vere, og at laftarane kunne kaldsmi sine médrags- og maurjern på byggeplass etter slik dei ville ha måla. Om ein hadde ein dimensjon som ikkje var tilpassa sitt merkeverktøy, vart kanskje det mest effektive å justere han. 

Når ein skal gjere justeringar for å oppnå optimalt heng for at det skal sige tett i nova og samstundes bli tett i måsafaret, er det dei ukjente faktorane om korleis stokken oppførar seg medan det tørker og får vekt ovanfrå og kva utslag dei vil gje som fordrar ein skjønnsmessig vurdering. Og sjølv om vi kanskje ikkje er klokare på nøyaktig korleis dei forskjellige tømrarane gjorde det i si tid, kunne vi komme fram til meir eller mindre tilfredsstillande resultat i forsøka våre. Når bygget får stått med taklast og sig på plass, får vi sjå om vi har truffe rett.

Bryggen i Bergen- ei oppmerkingshypotese.

Vi har fått utdelt eit laft frå Bryggen i Bergen. Det er rydd på begge sider og ca 3 tommar breidt.

Det er og eit bildemateriale som syner oppmerking som truleg har relasjon til laftinga. Hypotesa er at merkinga er gjort i samband med å lafte nedpå ein stokk som har ferdig opplaft. Vi vil difor prøve ut om denne oppmerkinga kan vere ein måte å merke nedlaftet på utan bruk av andre verktøy enn eit risseverktøy. Det kan vere til dømes kniv eller øks.

Stokk som har oppmerking og nedhogg med kinningar. Stokken vart brukt på ein anna stad i veggen slik at den ikkje fekk opplaft. Merkinga over nedhogget vart difor bevart.
Vi startar med å forme stokken mot den andre slik at det vert fint å meddra.
Halvkløyvingane må rundas på kantane slik at meddraget får plass.
Opplaftet hoggas frå ei markering av midten.
 Nedhogget skal stoppe litt over halva ned til stokken under.
Etter markering av midten opnas det opp for kinningane. Denne bør gå ned til stokken under
Her er 1/3 av stokkbreidde markert med øksa. Øksa kan settas ned på augemål og førast i staden for å hogge. Det skal kinnast inn til merka/ 1/3 av stokkbreidda.
Kinning inn mot merka.
Kinninga skal treffe subreidda nede

Påstokken leggas opp og loddas. Det er sannsynlegvis lodda frå senter av stokken på Bryggen originalt, men det kan og vere at ut eller innsida har vore bruka.

Øksa vert bruka til å markere breidda på nedhogget. Det er viktig å ikkje gå ut over stokkebreidda på 3 tommar.
Her er markeringslinjene. Følg kinningsfallet paralellt og forbi kryssningspunktet.
Her er det øving og sikting som gjeld. Fallhøgde vert tilsvarande  punktet der dei to linjene framleis er 1 tomme frå kvarandre.
Det kan fort bli for liten fallhøgde når ein ikkje har målt denne. Det ser ikkje ut som om oppmerkinga frå Bryggen har noko eksakt merke for dette.
Snu stokken og hogg ut etter markeringa. Det skal kan hoggast ned til halv høgde av fallhøgda før ein høgg ut for barken og kverken
Barken skal vere 1 tomme eller litt mindre i breidda. Kverken vert da tilsvarande 1 tomme på kvar side.
Kinningane hoggas inn mot 1 tomme avstand også i underhogget. Det ser ut som dei ikkje går heilt ned/opp til kverken på originalstokken
Stokken er klar til meddraging, men åpninga i botnen vart for brei. Dette er laftarens øvingsmoment, å finne balansen mellom for mykje og for lite.

Tek ein ut for mykje i nedhogget før meddraging så klarer ein ikkje å hente det innatt utan mykje meirarbeid med å auke på meddrag og maur. Osterøyingane som lafta Bryggen etter brannen i 1702 fekk god anledning til å øve mykje. Det er berre å studere mengden med tømmer og arbeid som skulle gjerast på få år. Dette har gått raskt, og bryggene skulle ikkje vere varme.

Restaurering av løe på Voss

Gården Kvilekvål på Voss er et gammelt klyngetun som ligger langs den gamle postveien mellom Voss og Bergen. Gården ble brukt som skysstasjon og overnatting for reisende, derav navnet Kvilekvål. I dag står kun noen av byggene ifra det gamle tunet igjen, deriblant en treskerlåve fra tidlig 1800-tallet. Denne skal ha blitt flyttet til gården rundt 1850, og blitt brukt til kornproduksjon og som høyløe. 

Låven står i skråning langs veien over tunet. Den ene langveggen ligger an på mur mens den andre står på steinpillarer cirka 2 meter over bakken. Låven har blitt presset utover av frost og bevegelse, samt en sprengingsulykke i 2021 der alle sprengningsmattene landet oppå låvetaket og skjøv den delvis av fundamentene. 

Da vi startet på prosjektet sommeren 2022 var låven nær ved å falle av pilarene, og vi valgte da å demontere låven for å restaurere den trygt på bakkenivå. Steinfundamentene skal gjenoppbygges i mai 2023, og låven skal stables opp igjen på fundamentene i løpet av sommeren. 

Dette prosjektet ble brukt som læringsarena for Vestland hvor vi samlet studentene to uker i januar. Vi var tre studenter fra Bachelorstudiet Tradisjonelt bygghåndtverk, NTNU, samt en veileder og representant fra læringsarena. Tilstede var også eier av gården. 

Selve bygget er i hovedsak laftet i bjørk. Dette er et forholdsvis utradisjonelt materiale som konstruksjonsvirke i laftede bygg, men mye av materialet er overraskende godt bevart. 

Vi har fått lokalt tømmer fra Bulken på Voss. De to første omfar samt bjelkelag og toppsvill blir i furu mens resten av utskiftingen blir i bjørk. Bygget er laftet i rundtømmer og stokkene er formet minimalt i novet. 

Før samlingen hadde vi målt ut høyder, satt ut midlertidig fundament, tælja tømmer og lagt ned første omfar slik at vi kunne fokusere på videre opplafting med studentene. 

Vi plasserte bygget på jordet rett nedenfor de originale fundamentene slik at vi lettere kunne forholde oss til mål og høyder der bygget blir gjenreist. 

Da låven og fundamentene var delvis rast sammen var det vanskelig å få noen gode mål på høyder, diagonaler osv. Vi valgte derfor å måle opp fundamentet i vater og rett diagonalt som et utgangspunkt. Høydene ble justert etterhvert som vi fikk opp vegene på bygget. 

Selve laftet er et garpelaft med kverk og rette kinninger oppe og nede. Stokkene er formet minimalt og det er ikke tett meddratt med unntak av midtre del der man tresket korn. Dette er ganske vanlig på slike type låver. Det lå også originalt treskegulv der man strammet bordene sammen med kiler i bakkant for å tette under tresking. 

Vi hadde fint, kaldt vær under samlingen, og fokuset var å gjenskape laftet og stilen bygget var oppfør i. Det ble også endel faglige diskusjoner rundt typen laft, tømmer, konstruksjoner samt akademisk tilnærming til rapportering og utføring. 

Etter samlingen er bygget ferdig restaurert på sine midlertidige fundamenter og er per nå nedplukket og venter på sine nye ferdige fundamenter der det skal gjenreises i løpet av sommeren. Det skal også lages nytt treskegulv, takkonstruksjon og tekkes med never og torv. 

Tilhugging og oppsetting av beitski i rekonstruksjon av årestue fra 1030

Jeg tar her for meg utførelsen av beitskier til inngangsdøra i en rekonstruksjon av en årestue fra tidlig middelalder. Årestua skal være en del av middelaldertunet Stiklastadir på Stiklestad i Verdal. Sammen med to andre studenter og veilederene Per Steinar Brevik og Kai Rune Johansen så har dette vært en del av praksis i tradisjonell tømring våren 2023.

Hensikten med å ha beitski på hver side av en dør er først og fremst for å holde stokkene i ro. Mosehogget sammen med dømlinger på hver side av døråpningen vil gjøre mye for stabiliteten, men det er ikke alltid tilstrekkelig. I tillegg til å være avstivende så skal også beitskiene være fester for dørhengsler og anslag for dørbladet. 

Illustrasjon av beitski i døråpning, inspirert av tegninger i Norske Tømmerhus Berg, Arne 1989.

Hugging av grøypa. Før arbeidet med å lage til beitski starter så blir det hogget et vertikalt spor også kaldt grøypa inn i rekka av stokkender på begge sider av døråpningen. Vi har valgt å kappe stokkene ferdig på lengde slik at døråpningene ikke trenger å kappes ut senere. Med denne metoden sparer vi både virke og vi kan benytte oss av navar for å ta ut grøypa. Jeg målte først opp og merket grøypa, så brukte jeg et  5/4” navar for å ta ut et vertikalt hull. Jeg hogde så ut veden inn til navarhullet i en M-profil som vist på Illustrasjon 02 under. Huggingen danner til slutt en U-profil i horisontalsnittet. Navarhullet gjør at arbeidet med å ta ut endeved blir enklere, men denne fremgangsmåten krever samtidig at det hugges ut spor i hver enkelt stokk fortløpende for å komme til med navaren fra oversiden.

5/4″ navar for å ta ut hull til grøypa
Horisontalsnitt av grøypa. Stiplede linjer viser retningen på huggingen

For å hugge ut grøypa brukte jeg en øks som tidligere var vurdert som relevant for prosjektets tidsperiode, med bakgrunn i bacheloroppgaven til Kai Rune og Per Steinar. Øksa er lang og smal som en typisk smaløks. Den hugger effektivt ut sporet med i hovedsak framhynna på øksa.

Beitskiene. Emnene vi tok utgangspunkt i var to ferdig grovskjærte stokker. For å gjøre arbeidet med forming, profilering og skurd enklere så valgte vi ut emner uten kvist. Disse var på forhånd kløyvd i to halvdeler på båndsagbruk og stokkene ble så lagt opp på to bukker så arbeidshøyden ble riktig. 

Halvkløyvingen som var utganspunkt for å lage beitski.

Arbeid med pjål. Til barking og forming av stokken ble det brukt en stor pjål med eggbredde på 4,5 » og svak bue langs eggen. Med denne kunne vi fjerne mye ved i raske og kraftige drag. Til finpussing av stokken ble det brukt en mindre pjål med eggbredde på 3″ og noe flatere angrepsvinkel på stålet. En tydligere bueform på eggen gjorde også at pjålen tok smalere striper av gangen.

Ferdig grov-pjålet stokk med den store 4,5″ pjålen på høyre side.

Fals og tapper. Vi arbeider i ferskt tømmer og vi valgte derfor å lage til fals og tapper som var relativt trange for å låse stokkene så mye som mulig også etter at det har tørket. Beitskiene ble hugget etter merking med sostnor. Her brukte vi en glepphuggerøks som vises på bildet under. Denne har stor eggvinkel og var enkel å bryte ut flis med uten at øksa kiler seg fast. Enden på beitskia ble tappet ned i dørstokken og opp i dørgaupna. Beitskiene skal ikke ta opp noe vertikaltrykk og samtidig vil de ferske stokkene i veggene tørke og sige mye – anslagsvis 2-2,5″. Vi la derfor inn et sigerom for tappen i dørgaupna på ca 3,5″.

Dørstokk og dørgaupne. Etter at beitskiene var ferdig formet med endetapper så kunne vi måle faktiske størrelser og det ble tatt ut spor ned i sylstokken. Sporet ble boret opp med navar og hogd ut med den samme høggarøksa. Uthogging av tapphull med sigerom i dørgaupna ble gjort i flere omganger. Først ble det tatt ut tilstrekkelig for å få stokken ned på medragshøyde, så ble resten tatt ut samtidig med mosehogget når stokken lå på bukker. Da ble også utsparing for anslag til dørbladet hogd bort .

Litteraturliste:

  • Berg, Arne(1989) Norske tømmerhus frå mellomalderen: band 1 Allment oversyn
  • Johansen, Kai; Brevik, Per Steinar Josteinson(2019) Laft i Trondheim i tidlig middelalder

Fyrndarlaft med synlig kinning

Merking og hogging

Årestue i treromsplan, den vil få en hems og 3 røst. Den utføres i rundt tømmer av furu og har trapessyll.

På vår læringsarena Stiklestad bygger vi en årestue, som er ett bolighus fra tidlig middelalder hvor vi prøver å tilnærme oss handverksmetoder og byggeskikk fra år 1030. Årestua vi bygger er 9 meter lang og 6 meter bred, den får treromsplan, ildsted (åre) og en lyre i taket for å slippe ut røyk. Årestua tømres i rundt tømmer av furu og den vil stå som ett bolighus på middelaldergården Stiklestadir til utstilling for besøkende på museet.

Årestua tømres i finndalslaft som er noe av det eldste laftet vi kjenner og som vi knytter opp mot tidlig middelalder (før svartedauen 1358). Vi har hentet inspirasjon fra boka «Norske tømmerhus frå middelalderen» av Arne Berg, vi har jobbet en uke sammen med Hans Marumsrud som har bred erfaring med middelalderbyggninger, vi har hentet inspirasjon fra Raulandsstua som er en årestue fra år 1238 som befinner seg på Norsk folkemuseum.

Finndalslaft er det eldste laftehogget i Norge og forbindes med bygninger fra tidlig middelalder og kjennetegnes med laftehalsen i nedre del av stokken (underhalslaft), det finnes to typer findalslaft som kjennetegnes med kinning enten i underkant eller i overkant. Selve benevnelsen findalslaft mener man kommer fra ett intervju Hilmar Stigum gjorde av en gammel Numedøl i 1930 årene som kalte denne typen laft med halsen i nedre del av stokken «findalslaft».  Hilmar Stigum antok da at benevnelsen kunne ha opphav fra ordet «fyrndarlaft» som beskriver gammelt laft eller oldtidslaft.

Vi benytter ett laftehogg hvor halsen sitter i bunnen av stokken og er ca. 3 tommer bred. Lengden på halsen settes etter bredden på understokken, det merkes av for høyden på nedstikket i understokken, samlet gir disse forholdene en pekepinn for hogget av kinning som vi gjør i undersiden av påstokken. Det er viktig å ta hensyn til meddragsbredden slik at kinningen kommer litt over toppen av understokken så vi unngår hull i laftet. Laftet har i utgangspunktet ikke  noen form for barke, men vi gjør unntak dersom stokkestørrelsen og formen tilsier at hogget kommer under margen, da setter vi igjen en barke som vi mener gjør nåvskallen sterkere. Ifølge Hans Marumsrud er det ofte å se i findalslaft at det er hogd over marg.

Jeg vil sette søkelys på hvilket verktøy en tømrer kunne ha i 1030 og forsøke merking og hogging av laftet kun med disse redskapene. Hvor mye og hvilket utstyr tømreren hadde ville nok ha stor variasjon ut fra sosial status og lokal tilgang på verktøy. Jeg vil utforske oppmåling og merking hvor jeg legger vekk både tommestokk og blyant, blyant ble oppfunnet tidlig 1800 og er derfor uaktuell for mitt forsøk. Jeg vil forsøke en oppmåling med bruk av så enkle hjelpemidler som mulig og risse med knivspissen og øksa som merking på tømmeret.

Til forsøket mitt valgte jeg å bruke en kopi av en skogsøks fra Telemark, en øks kopiert fra ett funn i Lødøse (Sverige), ett stillbart meddrag, loddefjøl,tollekniv, pjål og sotsnor. Dette verktøyet diskuterte jeg meg frem til sammen med Per Steinar Brevik, vi var enige om at dette verktøyet kan være tidsriktig for tidlig middelalder.

Jeg ville tømre inn en stokk på den ene kortveggen, vi har tidligere brukt målebånd for å finne lengden stokkene skal kappes på, da jeg ikke hadde målebånd tilgjengelig i dette forsøket bestemte jeg meg for å bruke sotsnora. Jeg festet pjeksen slik at starten på snora ble akkurat i kanten på understokken, jeg strakk snora langs understokken frem til enden slik at jeg kunne gripe med tommel og pekefinger der hvor stokken sluttet, slik hadde jeg den nøyaktige lengden for å kappe overstokken. Det er viktig at man ikke strekker snora da den er en smule elastisk og vil da gi unøyaktig gjengivelse av stokklengden.

Når lengden var satt av med ett knivriss  og stokken kappet med skogsøksa ble påstokken loddet med kul opp og jeg slo merker med sotsnor i senter av topp og bunn på stokken.

Det var klart for å merke for halsen og kinninger.

Jeg loddet enden av understokken for å så måle inn til seter understokk med bruk av økseskaftet, da kunne jeg overføre merkene til påstokken som lå på bukker med undersiden opp. Jeg kunne merke bredden på halsen med loddefjøla, vi hadde i oppstarten av tømringa bestemt en bredde på 3 tommer for halsen så loddefjøla er laget 3 tommer bred.

Økseskaft og loddefjøl ble brukt for å måle senter i understokk, dette målet ble overført til påstokken som danner grunnlag for hals og kinninger.

Høyden på understokken ble målt for å bestemme høyden på kinningene i overstokken, her la jeg til bredden av tommelen min som overhøyde med tanke på meddraget slik at kinningene blir store nok. Jeg brukte økseskaftet for å måle bredden på understokken og risset merker på halsen i påstokken for å ha litt pekepinn på hvor kinningene treffer i understokken. Jeg valgte øksa fra funnet i Lødøse for å hogge kinninger. Jeg tok hensyn til novskallene slik at kinningen ikke blir for lang og ødelegger den runde formen på nåvskallen.  

Ferdige kinninger med sentermerket og merker for bredden i understokk, kinningene går ikke for langt ut i novskallen.

Jeg målte opp tykkelsen i stokken hvor kinningene antatt treffer overkant av understokken, jeg fant ut at bredden på knyttneven min var tilnærmet riktig for bredden i toppen av oppsåta. Halsen var så bred som loddefjøla og ga meg bredden i bunnen av oppsåta.

Bredden på knyttneven stemmer ca med antatt bredde i toppen av oppsåta
Jeg brukte loddefjøla som bredde for bunnen av oppsåta, jeg trakk fra litt for å være på den sikre siden og unngå hull i laftet. Toppen av oppsåta ble bredden av knyttneven min.

Jeg hogde ned etter merkene med skogsøksa, plasserte påstokken i oppsåta og loddet enden av stokken slik at den lå nøyaktig i lodd.  Jeg måtte foreta enkelte justeringer av kuler i  understokken med en pjål for å få stokken ned til meddrag.  Jeg måtte også foreta enkelte justeringer i oppsåta for å få stokken ned.

Jeg brukte meddraget for å sette av merke i understokken i forhold til kinningene, det er viktig at spissene på meddraget er i lodd siden det er da de angir nøyaktig treffpunkt i kinninga. Her satte jeg av merke som blir riktig i forhold til meddraget av stokken. Jeg spikket en treflis som jeg kunne bruke for å merke kinningene ned i understokken. Siden vi lafter med rått furutømmer henger vi opp laftet i knutene, jeg trakk fra litt på treflisa ca tykkelsen på knivbladet som ett oppheng av laftet.

Meddraget i vater og spissene i lodd angir hvor kinningen treffer understokken i forhold til meddragshøyden.
Tollekniven og treflisa brukes for å merke understokken mot kinningen.

Etter at understokken er merket mot kinningen og stokken er meddratt kunne jeg hogge både for nova og i meddraget.

Forsøket viste meg at det går fint an å hogge fyrndarlaft med lite verktøy og enkle metoder for oppmåling. Det var spesielt å legge vekk blyanten for så  bruke riss fra kniv og øks som merking, uvant i starten  men det viser seg minst like effektivt siden man da reduserer antall merker til ett minimum. Hvor mange økser man hadde tilgjengelig på 1000 tallet under tømringen ville vel variere noe fra sted til sted, etter mitt forsøk ser jeg at jeg hadde klart meg godt med kun en øks.

Det er sannsynlig at man på 1000 tallet hadde passer/skrap for å merke i laftet. Mitt forsøk viser at det er fint mulig å få det til med en treflis og riss med tollekniv, om en passer/skrap ville vært ett veldig kostbart verktøy tror jeg at treflisa ville vært noe jeg hadde foretrukket. 

Videodokumentasjon av lafting med rundtømmer

I 1870 krasja ein varmluftsballong på Lifjell i Seljord. Den letta frå eit beleira Paris med livsviktige beskjedar som skulle nå fransk millitær utanfor byen. Ballongen blei tatt av ein kraftig vind og ført nordover og krasjlanda på Lifjell. Her landa dei to franskmenna i eit snødekt landskap, og redninga var å søke ly i ei tømmerkoie som dei kom over oppe i fjellet.

I anledning 150år jubileum for Ballongferda i 1870, har eg fått være med på eit prosjekt der vi ein lagar ”kopi” av denne tømmerkoiea. Den skal settast opp i nærleiken av  Ballongfararsteinen (minnesmerke) som står i området der denne ballongen skal ha landet. Det finst kun eit gammalt bilde av det som skal være koia dei søkte ly i.

Ballongfararkoia

Der er litt usikkerheit rundt om dette er den faktiske koia. Einar Østvedt har beskrevet i boka si ”Den første luftferd over Norge” at tømmerkoia dei skal ha søkt ly i hadde både ovn og sengeplasser, som ikkje er tilfelle med den vi ser på bilde.

Vi har valgt å ta utgangspunkt i bilete, men samtidig tek vi noken andre valg i forhold til utforming og taktekking. Den nye får spontak og der vil komme in ovn og pipe. Den vil også få eit vindu på eine langveggen. Sidan vi ikkje kan vite sikker kva lafteknute som er benytta i huset, valgte vi å hente inspirasjon frå ei badstu som står på Blomhaug i Seljordhuag som skal være frå same periode. Den er også bygd med rundtømmer, har dimensjonerte lafteskaller og laftet er ein variant av raulandslaft. Tømmeret er tatt ut i eit nærliggande område på samme høgde som koia stod. Det er valgt ut stokkar som var vridd og med store kivstar, som den på bilete. Den blei lafta med fersk tømmer slik som det blei gjort den gong.

Videoen er ein beskrivelse av laftet. Frå oppmerking av nov til ferdig me. Vi har brukt mest sjønn og augemål gjennom heile prosessen, holdt høgt tempo og jobba systematisk. Når ein gjer det på denne måten får bygget eit organisk utrykk og grove overflater, som kanskje er nokså likt slik det var på den gamle koia som stod der i skogen ein gong.

Nybygg på Stiklestad Nasjonale Kultursenter

Utstillingsgarasje under bygging

Vi skulle bygge en utstillingsgarasje for Vegvesenet sin avdeling på Stiklestad og sagde materialer på Strådalssaga. Den er bygd etter en modell av ei gårdssag som stod i Strådalen i Vera i Verdal. Den var originalt drevet av vannkraft, men etter den ble flyttet til Stiklestad måtte det elektrisk motorkraft til, for her renner det bare en stor bekk forbi.

Alle materialene ble sagd på sirkelsagen i høst, mens bordkledning og taktro ble sagd etter hvert som bygget reiste seg. Vi brukte 14 dager på å sage alle konstruksjonsdelene og en del bordkledning. På saga var det en bratt læringskurve. 

Det var handsveiving for fremdrift av benken og det var veldig greit for å justere hastigheten på benken, da vi måtte høre på lyden av saga om det gikk for fort. Motoren på saga er litt for liten for den størrelsen på sagbladet som brukes i dag. Noe som kunne vært prøvd er å vri reima rundt en runde på det ene hjulet, slik at den ser ut som ett åttetall. Da får reima større kontaktflate og kan kanskje beholde mer moment når man sager. Man må i tillegg snu retningen på motoren, ellers går sagbladet feil vei.

Da vi kom et stykke opp på læringskurven, begynte det å bli mer produksjon. Tømmerstokkene dras inn på benken, legges med kulen opp og rotenden først. Når man skjærer rotenden først, har man maksimal omdreining og et avkjølt blad. Det var stor forskjell på topp eller rot først, når det ble litt store dimensjoner.

Vi eksperimenterte med å skjære ut bord av stokken før vi skar ut boksmaterial. Med litt ujevne resultater så vi med litt trening og finjustering av avstandsrullen, at dette kunne være effektivt hvis dimensjonen tilsa mer materialutnyttelse enn bare boks. Man sager ut bordene som man får i tillegg til boksmaterialet først. I stedet for å sage ut boksen først, for så å sage bord av materialet som var lagt til side. Da sparte man seg en del logistikkarbeid.

Ellers på prosjektet fikk vi frislipp til å prøve ut ulike treforbindelser. Da ble det utprøvd fransklås for min del. Under reising av bygget fikk man utnyttet fransklåsen sitt potensial til det fulle. Den ble presset sammen, kilt og da låser den alle veier med en gang. Der det ble brukt hakeskjøter, måtte de stroppes sammen midlertidig før de ble naglet sammen.

Dette var et veldig lærerikt prosjekt. Vi fikk hele være med på hele (nesten) prosessen fra start til slutt. Vi sagde materialene vi skulle bruke, lagde treforbindelsene som måtte til, reiste og avstivet bygget, og bordkledde det. Vi måtte dessverre avslutte virksomheten da korona satte inn for fullt.

Reising av grindbygg på Sunnmøre

Eine veka av læringsarenaen var eg heime på Sunnmøre og arbeidde for Kåre Løvoll og firmaet Byggtrad. Løvoll as. Vi skulle reise eit grindbygg vi hadde lagd delane til tidlegare på året. Grindverk er ein gamal byggjeteknikk som er mest utbreidd  på Vestlandet. Byggjeskikken har vore mest vanleg i naust og låvar. Grindbygg er ein lett og luftig stavkonstruksjon, som egnar seg til bygg utan behov for varmeisolering. Vi skulle reise byggjet utanfor verkstaden, berre som ein åpen konstruksjon, for å ha eit tak å arbeide under til andre prosjekt. Så mykje som det regnar her på Vestlandet er det svært nyttig å ha…

Grindbygde hus har to eller fleire grinder etter kvarrandre på tvers av lengderetninga. Storleiken på byggjet vårt er slik at det var passeleg med tre grinder. Ei på midten, i tillegg til sideveggane. Ei grind består av to stavar som knytast saman med ein bete, eller tverrbjelke, og eitt eller to skråband. Bygget vårt er såpass stort at vi brukte to skråband. Både krumvekste og rettvekste skråband forekjem. Vanlegvis brukar ein rotenden av ein stokk, eller overgongen frå stamme til ei solid grein. Skråbanda våre er laga av bjørk, medan stavane og og betane er av fure. I tradisjonen er skråbanda festa med trenaglar, men vi velgte å jukse litt og bolta dei saman.

Her vi skulle reise bygget er det asfaltunderlag, så stavane kunne berre stå rett på bakken utan at vi trengte å tenkje noko meir på underlaget. Hadde det vore mjukt, vått underlag måtte vi ha reist bygget på steinar. Vi riggja oss til og la ut stavane og definerte lengda på byggjet. Vi la stavane med framsida ned, felde rafta ned i stavane. Så festa vi skråbanda. Då alle tre raftene var festa i hop var dei klare til å reisast. Stavane er fem meter lange, så vi velgte å bruke kranbil for å reise dei.

Vi reiste alle tre grindene og stiva dei av med foreløpige med skråstivarar mellom kvar grind.
Stavlegjene er på plass

Over beten, inntil stavane, ligg to stavlegjer, som bind huset saman i lengderetninga og støttar taksperrene. Knutepunktet mellom stav, bete og stavlegje er utforma slik at alle delane låsast fast saman. Stavleiene støttar seg mot ytterendane av stavane som ragar over overkanten på slindrene. Slik kan stavleiene motstå sidetrykket frå takkonstruksjonen. Halsen ligg ned i hakket i overkanten til stavane, slik at hovudet kjem ut forbi yttersida til stavane.

Vi heiste stavlegjene også opp med kranbilen. Så rigga vi opp stillas og skulle feste dei kontinuerlige avstivarane mellom grindene. Vi bestemte oss for å lage kryssband på øvste halvdel mellom kvar grind. Vi felte dei saman 50/50 så det vart kant i kant på utsida.

No vart alle taksperrer og reimer heisa opp. Vi bandt saman alle sperrene parvis i mønet. Så hadde vi opp reimene 1/3 lengd ned frå mønet på begge sider, støtta dei opp med stolar og bandt dei saman med hanebjelkar. Stolane hadde vi laga tappar på, og reimene var tappa ut med takvinkelen på oversida, så undersida med tapphol i til stolane i kom i vater.

No byrja det å likne på eit ferdig bygg. Vi lekta opp taket med 60cm mellomrom og la blikktak. No er det berre å starte på neste prosjekt med tak over hovudet.

Smie fra Fåvang i Gudbrandsdal

Bildet viser esse og pipa fra baksiden samt den gamle belgen. Bildet er tatt under demontering.

I forbindelse med arbeid i læringsarena Innlandet har jeg startet med et egenvalgt prosjekt. En smie i stavkonstruksjon med laftet svillstokk som står på Fåvang, Vestside i Gudbrandsdal Innlandet.

Her er både kledning og taket fjernet. Bygningen og essen har seget og svillstokken rundt essen er fullstendig borte.

Så langt finnes det lite informasjon om bygningen. Men konstruksjonen og innredningen/utstyr og særlig belgen viser seg å være opprinnelig og er preget av historien. Taket har med sikkerhet blitt skiftet for en stund siden. I den omgangen ble takvinkelen også forandret. Takstein som ligger i bakken rundt om og deler av opprinnelig takkonstruksjon med utarbeidede halvblad i forskjellige vinkler ble funnet under demontering og bekrefter antakelsen. Her skal det settes fokus på å finne tilbake til den gamle takkonstruksjonen.

Bildet viser stender og strever på vestveggen. Streverne har både avstivende og bærende funksjon

Bygningen er så langt oppmålt, fotodokumentert og demontert. Bygningsdeler er kjørt hjem til meg hvor konstruksjonen skal restaureres. Store deler av svillstokken er borte og må rekonstrueres. Konstruksjonen består i hovedsak av gran. Nærmere studering av treforbindelser, tolking av arbeidsmåten, verktøybruk osv. og hogging av materialer vil bli neste skrittene.

Viderearbeid er satt i gang. Materialer er hogt og barket i omkring liggende granskog. For å kunne rekonstruere svillstokkene hvorav over halparten er borte har vi lagt ut både svill og raft for å kunne overta nøyaktige mål.

Svillstokken ligger bakest i bildet med nye stokker opp på.
Her er sammenfelling i gang. Svillstokker er laftet med et enkel barklaft.

Neste arbeidsskritt er å legge raftstokkene opp på svillen. Deretter kunne vi merke av plassering av sperrer og felle inn selve. Samtidig er produksjon/restauering av stolper og strever satt i gang. Undersøkelser viser at det har blitt brukt øks til utforming av både tapp og tapphull. Dimensjonering av selve følgte ikke noen nøyaktige mål.

Felling av sperrer in i raftstokken. Forran i bildet ligger et stolpe med ferdig utformet tapp.

I smia kunne vi finne to hanebjelker som både fortalt oss om opprinelige takvinkel og treforbindelse ( halvblad). Siden taket skal tekkes igjen med skifer har vi valgt å forsterke alle sperrebind med hanebjelke. Også har det kommet på plass en ny samhald/bete. Uthogging etter det gamle var godt synnlig i raftstokken.

Her er alle sperrebind på plass og bygning er klar til demontering.

Siden vi har brukt råt material har vi tatt hensyn til svinn særlig ved streverne. For at de kan jobbe i trykk må treforbindelsen være tett. Her har vi målt opp plassering av strevern og har trekket ca. 10-15mm. Resultatet er at bygget står stiv og stabilt.

I løpet av kort tid kommer ny restaurert smie på plass. Klar til å montere sperrer og tak.

For å kunne sikre god trykk overføring til fastgrunn har vi supplert den gamle muren med stein. I tilleg har vi vudert å løfte bygningen ca. 15cm fra bakken slik at svillstokkene er ikke like utsatt for råteskade som de var det fra før.

Her er bygningen ferdig montert med tak. Utekledning som holder sammen konstruksjon og derfor er en vesentlig del av selve skal kommer senere på plass.

Det er lagt 5/4″ rot topp bord kantet med øks. De skal gi god feste til sprikring av skifer.

Bildet viser sperrbind med hanebjelker i enkel halvblad ( sprikret).