Tømmerhogst til tømring i Målselv

Vi har tatt utgangspunkt i restane etter ei gamal smie frå Aursfjord som var tiltenkt plassering ved Aursfjordsaga. Vi har valt å byrje med å tømre nytt frå starten av i staden for å basere oss på å reparere på dei gamle og dårlege restane. Smia måler 6 x 7 alen i grunnflate og stokkane var kring 11″ i brystmål. Vi har hogd tømmer ved nordsida av Storhaugen, like ved Rognmogruva i Målselv. For å få mest mogleg erfaring med øks er alt tømmeret felt, kvista og kappa med øks.

Før furuene vart felt vart dei sokka. Det vil seie at den nederste delen av stammen vart barka med øks. Dette tener både som oppvarming av hoggaren og arbeidsbesparande seinare i arbeidsprosessen.

Vi kappa stokkane der det høvde best med kvist og krok, men prøvde å få mest mogleg heillange stokkar på enten 6 eller 7 alen. Ein del av tømmeret var felt og kappa i samband med kurset i Materialforståelse og tradisjonell bearbeiding tidlegare på hausten. Det var omlag halvparten att å felle og kappe. Dette arbeidet tok omlag ein lang dag for oss fire som var i skogen, Henrik, Thor, Magne og meg. Etterpå fekk vi ein nabo med traktor og tømmerhengar til å kjøre tømmeret ut av skogen. Dette tok eit par timar.

Verktøy til tømring på Røros

Jon Holm Lillegjelten har ei gamal bile som har nakke med stempel etter sin forfar Ellev Holm (1812-1890). Truleg er bila smidd om i ettertid sidan ho også har stempel etter ein seinare øksesmed på Elverum.

Bile med smedstempel på bladet. Bila høyrer til på garden Holm i Os. Foto: Jon Holm Lillegjelten
Bile med smedstempel på bladet. Bila høyrer til på garden Holm i Os. Foto: Jon Holm Lillegjelten
Stemplet på nakken, E. Holm. Foto: Jon Holm Lillegjelten
Stemplet på nakken, E. Holm. Foto: Jon Holm Lillegjelten

 

Kurs i materialforståelse og tradisjonell tilvirkning

Nokre av studentane og ein lærar framom ein rydd stokk og noko av verktøyet brukt på kurset i Målselv. Foto: Roald Renmælmo
Nokre av studentane og ein lærar framom ein rydd stokk og noko av verktøyet brukt på kurset i Målselv. Foto: Roald Renmælmo

Det nye kullet med studentar på Tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern har gjennomført ei samlingsveke i Trondheim i faget dokumentasjon av handverk i veke 36. Den andre samlingsveka var i Målselv veke 39 i faget materialforståelse og tradisjonell tilvirkning. Her fekk studentane innføring i tømmerhogst, kløyving av tømmer, rying av tømmer, handsaging av bord og saging på ei vassdrive oppgangssag. I løpet av veka arbeidde studentane i grupper med å dokumentere  det dei lærte på dei ulike arbeidsstasjonane. Gruppene har tatt for seg kløyving av tømmer, handsaging av bord og saging på oppgangssag. Arbeidet som gruppene har levert inn vil vi presentere på bloggen.