Tømring i Aursfjord

Arne Pedersen er frå før mest kjent for å vere sagmeister på Aursfjordsaga, den berømte oppgangssaga i Malangen. Her er han den sjette i ein familietradisjon etter Ingebrigt Eliassen som bygde saga i 1796. Arne var den som gjenoppbygde saga på slutten av 1970-talet etter at ho hadde lege nede nokre år. Han byrja tidleg å tømre saman med faren og lærte seg å tømre sinknov med tapp. Han er truleg ein av dei siste som har denne kunnskapen i tradisjon. Sidan vi kjende til ei smie som var planlagt bygd ved Aursfjordsaga kom vi på at det kunne vere eit bra prosjekt for å få trening med sinknover.

Reint praktisk tok vi med oss tømmeret vi hadde hogd og kom ned i verkstaden til Arne. Her gjekk vi i gang med å ry tømmeret til 4 ¼» tjukne. Dette vart gjort etter arbeidsmåten som eg og Arne har arbeidd mest med tidlegare. Stokken vert lagt opp på underlag og sett fast med hakar. Stokken vert lodda og snora for så å bli skåra i jamne avstandar inn mot streken. Dette gjerast med hoggarøks. Så vert stokken lompa, ein kløyver av stykkene mellom kvar skåring. Når det er gjort er det ein tek fram bila og ryr det siste. Sidan vi skulle tømre med sinknover med tapp var det viktig å få slett og presis flate på ryinga. Elles vert merkinga vanskeleg.

Rying av tømmer i verkstaden til Arne Pedersen. Foto: Roald Renmælmo
Arne Pedersen sit på materialstabelen med dei mest brukte øksene ved sida av seg. Nærast han er ei bile smidd av Øyo. Vidare er det økser smidd av Lars Enander, Øystein Myhre og Bertil Parmsten. Alle desse er smidd som kopiar av eldre økser frå Troms. Foto: Roald Renmælmo


Smia er ikkje stor, grunnflata er 6 x 7 alen og rafthøgda var omlag mannshøgda. Vi hogg tømmer med kring 11″ brystmål i skogen ved Storhaugen. Dette kappa vi på litt overlengde og kjørte det ut av skogen med traktor og tømmerhengar. Vi tok med oss stokkane ned til Arne i Aursfjord der vi har halde til inne i verkstaden hans. Her har vi fyrst rydd stokkane på to sider til 4 ¼» tjukne.

 

Tømmerhogst til tømring i Målselv

Vi har tatt utgangspunkt i restane etter ei gamal smie frå Aursfjord som var tiltenkt plassering ved Aursfjordsaga. Vi har valt å byrje med å tømre nytt frå starten av i staden for å basere oss på å reparere på dei gamle og dårlege restane. Smia måler 6 x 7 alen i grunnflate og stokkane var kring 11″ i brystmål. Vi har hogd tømmer ved nordsida av Storhaugen, like ved Rognmogruva i Målselv. For å få mest mogleg erfaring med øks er alt tømmeret felt, kvista og kappa med øks.

Før furuene vart felt vart dei sokka. Det vil seie at den nederste delen av stammen vart barka med øks. Dette tener både som oppvarming av hoggaren og arbeidsbesparande seinare i arbeidsprosessen.

Vi kappa stokkane der det høvde best med kvist og krok, men prøvde å få mest mogleg heillange stokkar på enten 6 eller 7 alen. Ein del av tømmeret var felt og kappa i samband med kurset i Materialforståelse og tradisjonell bearbeiding tidlegare på hausten. Det var omlag halvparten att å felle og kappe. Dette arbeidet tok omlag ein lang dag for oss fire som var i skogen, Henrik, Thor, Magne og meg. Etterpå fekk vi ein nabo med traktor og tømmerhengar til å kjøre tømmeret ut av skogen. Dette tok eit par timar.

Verktøy til tømring på Røros

Jon Holm Lillegjelten har ei gamal bile som har nakke med stempel etter sin forfar Ellev Holm (1812-1890). Truleg er bila smidd om i ettertid sidan ho også har stempel etter ein seinare øksesmed på Elverum.

Bile med smedstempel på bladet. Bila høyrer til på garden Holm i Os. Foto: Jon Holm Lillegjelten
Bile med smedstempel på bladet. Bila høyrer til på garden Holm i Os. Foto: Jon Holm Lillegjelten
Stemplet på nakken, E. Holm. Foto: Jon Holm Lillegjelten
Stemplet på nakken, E. Holm. Foto: Jon Holm Lillegjelten

 

Kurs i materialforståelse og tradisjonell tilvirkning

Nokre av studentane og ein lærar framom ein rydd stokk og noko av verktøyet brukt på kurset i Målselv. Foto: Roald Renmælmo
Nokre av studentane og ein lærar framom ein rydd stokk og noko av verktøyet brukt på kurset i Målselv. Foto: Roald Renmælmo

Det nye kullet med studentar på Tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern har gjennomført ei samlingsveke i Trondheim i faget dokumentasjon av handverk i veke 36. Den andre samlingsveka var i Målselv veke 39 i faget materialforståelse og tradisjonell tilvirkning. Her fekk studentane innføring i tømmerhogst, kløyving av tømmer, rying av tømmer, handsaging av bord og saging på ei vassdrive oppgangssag. I løpet av veka arbeidde studentane i grupper med å dokumentere  det dei lærte på dei ulike arbeidsstasjonane. Gruppene har tatt for seg kløyving av tømmer, handsaging av bord og saging på oppgangssag. Arbeidet som gruppene har levert inn vil vi presentere på bloggen.